Ionemotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NASA sin 2.3 kW NSTAR ionemotor på romfartøyet Deep Space 1 under ein test ved Jet Propulsion Laboratory.

Ein ionemotor er ein elektrisk dreven framdriftsmotor, som støyter ut ion igjennom ei dyse. Den er per i dag einast brukt til romfart. Ein finn han i elektrostatisk eller elektromagnetisk type.

Ved å akselerere eitt stoff, som Xenon-atom, igjennom eit elektrisk felt, oppnår ein å kunne skilje ut ion. Desse støyter maskina ifrå seg igjennom ei dyse, ikkje ulikt ein rakett. Motoren er avhengig av å arbeida i eit miljø med svakt gravitasjonsfelt og låg iontettleik, som i verdsrommet. Ein farkost basert på dette systemet vil vere avhengig av å bli bygd i verdsrommet eller å bli transportert dit med eit anna framdriftsystem, som til dømes ein kjemisk rakettmotor.

Skyvekrafta til ionemotoren er svak, så eit romskip med ein slik motor vil ha liten akselerasjon, men på grunn av at motoren vert nytta over lang tid kan ein likevel koma opp i stor fart. Sjølve energieffektiviteten er i dag 10 gonger større enn hos kjemiske romrakettar[1], noko som gjev eit mindre drivstoff-forbruk. Ein elektrisk motor kan i tillegg hente inn solenergi undervegs i rommet. På lengre distansar gjev forskjellen i effektivitet store utslag. Der dagens kjemiske rakettar ville bruke seks månader på ein tur imellom Tellus og Mars, vil ein tenkt framtidig ionemotor klare det på mindre enn 40 døger.[2]

Denne forma for ionemotor som er skildra her, må ikkje forvekslast med ein atomelektrisk rakett eller det meir urealistiske fantasikonseptet ionekanon.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Foss, A.S., Romraketter mister futten- Arkivert 2006-05-27 ved Wayback Machine., Forskning.no,19/1-20104.
  2. Grossman, L., Ion engine could one day power 39-day trips to Mars, New Scientist.com, 24/7-2009.