Iransk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Iransk historie omfattar området frå Eufrat i vest til Indus i aust, og frå Kaukasus i nord til Persiabukta i sør. Ho omfattar dei moderne nasjonane Iran, Aserbajdsjan, Afghanistan, Pakistan, Turkmenistan, Tadsjikistan, Usbekistan, og dei austlege delane av Tyrkia og Irak. Det er ein av dei eldste kontinuerlege sivilisasjonane i verda, han dekkjer tusenvis av år.

Persia var ei stormakt, men vart sidan invadert fleire gonger og fekk territoriet sitt endra. Arabarar, tyrkarar, mongolar, grekarar, britar og russarar har alle invadert det iranske området, men iranarane heldt alltid oppe den nasjonale identiteten sin og har utvikla seg som ei distinkt politisk og kulturell eining.

Den iranske sivilisajonen byrja med urbane busetjingar alt 4000 år før Kristus.

Achaemenid-riket (550–330 f.Kr.) var det første av dei persiske rika som herska over Midt-austen, Hellas og Sentral-asia. Etter dette kom Seleucid-riket, partarane og sassanidane, som styrte Iran i meir enn 1000 år.

Den muslimske erobringa av Persia (633–656) og slutten på sassanid-riket var eit vendepunkt i iransk soge. Islamiseringa av Iran skjedde frå det 8. til det 10. hundreåret, og førte til nedgangen for Zoroaster-trua. Men mykje av det som var oppnådd i den gamle kulturen gjekk ikkje tapt, men vart i stor grad absorbert av den nye muslimske sivilisasjonen.

Etter fleire hundreår med utanlandsk styre og kortliva dynasti, vart Iran atter sameint som sjølvstendig stat i 1501 av Safavid-dynastiet, som etablerte sjia-islam som offisiell religion i riket sitt, noko som markerer eit av dei viktigaste vendepunkta i islamsk soge.

Iran hadde vore eit monarki styrt av ein sjah (keisar) nesten utan avbrot frå 1501 til 1979, da landet etter den iranske revolusjonen vart ein islamsk republikk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. History of Iran, som lesen 26. juni 2009.