Irene Johansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irene Johansen (fødd 7. januar 1961 i Nord-Aurdal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og valt på nytt i 2009.
Johansen har utdanning frå mellom anna Norges kommunal- og sosialhøgskole, kommunallinja 1982–1985 og mellomleiarprogrammet i staten 2001–2002. Johansen har også arbeidd som førstesekretær ved rådmannskontoret i Seljord kommune i 1985–1986. Ho var i personalavdelinga, Norges allmennvitskapelege forskingsråd i åra 1986–1994. Frå 1996 til 2003 var Johansen personalsjef i Jernbaneverket.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–: medlem i finanskomiteen
- 2005–09: medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2005–09: medlem i valkomiteen