Irene Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irene Larsen
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1964 (60 år)
i Arnøyhamn
Yrke Forfattar, lærar
Periode 2005-
Debut Anemonepust

Irene Karin Kristin Larsen (fødd 22. februar 1964 i Arnøyhamn i Skjervøy kommune)[1] er ein norsk lyrikar med sjøsamisk bakgrunn.[2] Ho debuterte som forfattar i 2005 med diktsamlinga Anemonepust.

Larsen er busett i Ersfjordbotn i Tromsø kommune og har arbeidd som lærar.[3] Ho er ein av arrangørane av litteraturfestivalen Ordkalotten i Tromsø.[4] I 2019 vart ho den første styreleiaren for Foreninga samiske forfattere.[5]

For debutboka vart ho i 2006 tildelt Blixprisen. Ho mottok Havmannprisen 2021 for boka Der det bor skierri.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Anemonepust, Nordnorsk forlag (dikt, nynorsk)
  • 2008 – Framtida er ein stad til høgre for tavlekanten, Aschehoug (dikt, nynorsk)
  • 2013 – Sortsolsafari, Margbok forlag (dikt, bokmål)
  • 2020 – Der det gror skierri, Orkana (roman, nynorsk)
  • 2022 – Nesten en hest : og noen altfor store krangler, CalliidLagadus (barnebok, bokmål)
    • 2022 – Measta heasta : ja muhtin menddo stuorra riidaleamit (nordsamisk utgåve)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Irene Karin Kristin Larsen (22.02.1964)»». forfatterkatalogen.no. Henta 8. mars 2013. 
  2. «Hege Siri og Irene Larsen - møte med to sjøsamiske poeter». Festivalbiblioteket på Riddu. 25. juni 2009. 
  3. «Blikk og bevegelse». nordlys.no. 8. september 2008. 
  4. «Blix-pris til Troms-poet». itromso.no. 17. november 2006. 
  5. Katharina Mortensen (30. mai 2020). «Tidligere medlemmer av forfatterforeningen Sámi Girječálliid Searvi har laget ny forening etter stor konflikt». iTromsø. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]