Irene Papas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irene Papas

i The Trojan Women (1971)
Fødd3. september 1929
FødestadKhiliomodi i Korinth i Hellas
Død14. september 2022 (93 år)
DødsstadKhiliomódi
FødenamnΕιρήνη Λελέκου
Aktive år1948–2003
Verka somskodespelar, songar
EktefelleAlkis Papas, José Kohn
SambuarMarlon Brando
PrisarNational Board of Review Award for Best Actress, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, kommandør av Føniksordenen, kommandør av Alfons X den klokes orden, æresdoktor ved Tor Vergata Universitet

Irene Papas (3. september 1929 som Irini Lelekou–14. september 2022) var ein gresk skodespelar og stundom songar. Ho spelte i over 70 filmar i ein karriere som varte meir enn femti år.

Papas byrja den tidlege karrieren hennar i Hellas, oppdaga av Elia Kazan, og vart kjend i heimlandet, før ho spelte i internasjonale filmar som Kanonene ved Navarone og Zorba, og kritikarroste filmar som Z og Electra. Ho har fleire gonger spelt kvinner frå tragdiar frå antikken, som Helena i The Trojan Women, Clytemnestra i Iphigenia, Electra og Antigone. Ho spelte rolla som Katarina av Aragon i filmen Anne of the Thousand Days, i lag med Richard Burton og Geneviève Bujold i 1969. I The Trojan Women spelte ho mot Katharine Hepburn.

I 1976 spelte ho i filmen Mohammad, Messenger of God (òg berre kjend som The Message) om opphavet til islam og meldinga til Mohammed. Ein av dei siste filmane ho spelte i var Captain Corelli's Mandolin. Ho arbeider i dag i teateret i Portugal.

I 1978 samarbeidde Papas med Vangelis i ei elektronisk utgåve av åtte greske folkeviser, gjeve ut på ei plate kalla Odes. Dei samarbeidde igjen i 1986 med Rhapsodies, ei elektronisk utgåve av sju bysantinske salmer. Ho har òg gjeve ut albumet Songs of Theodorakis i 1969, alle sunge på gresk. I 1970 gjesta ho på albumet 666 av den greske rockegruppa Aphrodite's Child på sporet «∞» (uendeleg). Ho roper «I was, I am, I am to come» om att og om att. Sporet vart rekna for utuktig av plateselskapet og førte til at albumet vart halde attende i to år før det endeleg kom ut i 1972. Sporet skapte furore i Hellas.

Utvald filmografi[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]