Iridium-systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Iridiumsystemet)
Modell av ein Iridium-satellitt.

Iridium er eit mobilt satellittkommunikasjonssystem kalla opp etter grunnstoffet iridium. Kommunikasjonssystemet skulle opphavleg ha 77 satellittar i polar bane, 77 er atomnummeret til iridium, men berre 66 aktive + reservesatellittar vart sende opp i bane. Systemet gjev global dekning.

Satellittane går i ei høgd på omtrent 780 km over jorda med ei omløpstid på omtrent 100 minutt. For å kunne ringe tvers over jorda har satellittane radiolinkar mellom kvarandre; ein har kontakt med naboen framfor og bak i same rotasjonsplanet, og naboen til kvar side i med-roterane plan. Sidan satellittane går i polar bane vert det dermed best dekning over nord- og sørpolen, dei stadane det er færrast potensielle kundar.

Systemet vart lansert 1. november 1998 og gjekk konkurs 13. august 1999. Sjølv om ideen bak systemet var god, greidde ein ikkje å forutsjå den store internasjonale suksessen til GSM-systemet. Eit anna problem for systemet er at ein ofte får ein låg elevasjonsvinkel til den satellitten som skal dekke området ein står i, utsynet til satellitten er til dømes gøymt bak eit høgt hus i ein by.

I dag er det det amerikanske forsvaret som eig og driv systemet.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.