Iris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Iris er eit kvinnenamn, ei planteslekt i sverdliljefamilien, og eit anna namn på regnbogehinna i auget. Denne artikkelen handlar om namnet.

Namnet er gresk og tyder regnboge. Den personleggjorte regnbogen var ei gudinne som heitte Iris. Ho var syster til harpiane og bodbringar for gudane, særleg Juno.

Iris har norsk namnedag 24. mai og svensk den 10. februar.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

  • Iris Murdoch, britisk forfattar
  • IRIS er namnet på ein institusjon for forsking og utvikling.

Asteroiden 7 Iris, oppdaga i 1847, har òg fått dette namnet.

Utanfor Wikipedia[endre | endre wikiteksten]