Iriserande skyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iriserande skyer

Iriserande skyer er eit namn for skyer med farga område, særleg langs kantane.

I motsetnad til halo og regnboge, der fargane kjem av lysbryting, oppstår iriseringa av at solstrålene vert avbøygde ved diffraksjon når dei går gjennom skyene som består av jamstore dropar eller krystallar. Oftast spelar dei iriserande skyene i raudt eller grønt.

I skyer som vert danna i samband med fjellbølgjer, vil partiklane i kvart skyelement vere jamstore. Slike skyer vil derfor ha eit særleg vakkert fargespel der alle fargane i fargespekteret kan opptre. Desse skyene vert kalla perlemorskyer. Nattlysande skyer kan òg vere lett iriserande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

skyer «iriserende skyer» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]