Irmin Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Irmin Schmidt 1972. Foto av Heinrich Klaffs.

Irmin Schmidt (fødd 29. mai 1937 i Berlin) er ein tysk klaverspelar og komponist, mest kjend som ein av medlemmane som starta bandet Can.

Biograf[endre | endre wikiteksten]

Schmidt studerte musikk ved konservatoriet i Dortmund, ved Folkwang Hochschule i Essen, Mozarteum i Salzburg, og han studerte komposisjon med Karlheinz Stockhausen ved Rheinische Musikschule i Köln.

Han starta å arbeide som dirigent og framførte konsertar med Bochum Symfoni, Wien Symfoni og Dortmund Ensemble for Ny Musikk, som han starta i 1962. I løpet av denne tida fekk han fleire prisar som dirigent. Schmidt arbeidde òg som Kapellmeister ved Theater Aachen, som dosent for musikkteateret og chanson ved dramaskulen i Bochum, og som konsertpianist.

I 1968 starta Schmidt det eksperimentelle krautrockband Can med Holger Czukay, Michael Karoli og Jaki Liebezeit. Schmidt var klaverspelar i Can fram til gruppa vart oppløyst i 1979. Han deltok i begge gjenforeiningane til Can i 1986 og 1991.

Schmidt har skrive filmmusikk til meir enn 40 filmar og fjernsynsprogram, inkludert Knife in the Head (1978) og Palermo Shooting (2008). Han har òg spelt inn nokre soloalbum og skrive ein opera basert på Mervyn Peake sin Gormenghast.[1] Kona hans Hildegard Schmidt har vore ansvarleg for styret av Can og plateselskapet deira, Spoon Records, sidan 1970-åra.

Schmidt bur i dag i det sørlege Frankrike.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo
  • Filmmusik (1980)
  • Filmmusik, Vol. 2 (1981)
  • Toy Planet (1981) med Bruno Spoerri
  • Filmmusik, Vols. 3 & 4 (1983)
  • Rote Erde (1983) filmmusikk
  • Musk At Dusk (1987)
  • Filmmusik Vol. 5 (1989)
  • Impossible Holidays (1991)
  • Le Weekend (1991) maxisingel
  • Soundtracks 1978-1993 (1994)
  • Gormenghast (2000)
  • Masters of Confusion (2001) med Kumo
  • Flies, Guys and Choirs (2008) DVD med Kumo
  • Axolotl Eyes (2008) med Kumo
  • Palermo Shooting (2008) filmmusikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]