Irmingerstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Irmingerstraumen er ein kald havstraum i Atlanterhavet og ei grein av Den nordatlantiske straumen. Han kjem sørfrå opp mot sørvestkysten av Island og deler seg vest for Island. Den største greina går mot sørvest, medan ein annan del går vidare nordover og seinare austover utanfor nordkysten av Island. Denne straumen er viktig for klimaet og istilhøva på vest- og nordkysten av Island.

Straumen er kalla opp etter den danske sjøoffiseren Carl Irminger (1802–88), som skildra straumen kring 1850.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]