Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iron Maiden

Øvst: Steve Harris (V), Dave Murray (H)
Midten: Adrian Smith (V), Bruce Dickinson (H)
Nedst: Nicko McBrain (V), Janick Gers (H)
OpphavLeyton i London i England
Aktiv1975 til i dag
SjangerHeavy metal[1]
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer*Steve Harris
PrisarGrammypris for beste Metal-band

Iron Maiden er eit engelsk heavy metal-band skipa i Leyton i Aust-London i 1975 av bassisten og låtskrivaren Steve Harris. Bandet har så langt gjeve ut seksten studioalbum og elleve konsertalbum.

Bandet er pionerar innan new wave of British heavy metal (den nye bølgja innan britisk tungmetall) og fekk først suksess tidleg i 1980-åra. Etter fleire endringar i besetninga, gav bandet ut ei rekkje platina- og gullplater i Storbritannia og USA, som The Number of the Beast i 1982, Piece of Mind i 1983, Powerslave i 1984, konsertalbumet Live After Death i 1985, Somewhere in Time i 1986 og Seventh Son of a Seventh Son i 1988. Etter at vokalisten Bruce Dickinson og gitaristen Adrian Smith om attende til bandet i 1999, har dei igjen blitt populære,[2] og gav i 2010 studioalbumet The Final Frontier, som nådde toppen av albumlistene i 28 land og fekk god omtale. Det sekstande studioalbumet, The Book of Souls, kom ut 4. september 2015.

Trass i lite speletid på radio og TV,[3] vert Iron Maiden rekna som eit av dei mest suksessrike heavy metal-banda i historia. Express.co.uk rapporterte i 2017 at bandet har seld over 100 millionar plater verda over.[4] Bandet vann Ivor Novello-prisen for internasjonale prestasjonar. Bandet har heldt over 2000 konsertar i karrieren sin. Dei siste 35 åra har bandet vore kjend for maskoten «Eddie», som er avbilda på nesten alle album- og singelomslaga deira, i tillegg til at han er med på konsertane deira.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år (1975–78)[endre | endre wikiteksten]

The Cart and Horses Pub, i Maryland Point i Stratford, der Iron Maiden spelte somme av dei første konsertane sine i 1976.[5]

Iron Maiden vart skipa juledag 1975 av bassisten Steve Harris, kort tid etter at han forlet den førre gruppa si, Smiler. Harris henta inspirasjon til namnet på bandet frå filmversjonen av The Man in the Iron Mask frå romanen til Alexandre Dumas. Tittelen minna han om jernjomfrua (engelsk iron maiden), eit torturreiskap.[6] Etter månader med øvingar, spelte Iron Maiden den første konserten sin i St. Nicks Hall i Poplar den 1. mai 1976,[7] før dei byrja å spele fast på the Cart and Horses Pub i Maryland Point i Stratford.[8]

Den originale besetninga varte ikkje så lenge, og vokalisten Paul Day vart første mann ut, sidan han i følgje Harris «mangla energi eller karisma på scenen».[9] Han vart erstatta av Dennis Wilcock, ein Kiss-fan som brukte sminke og falskt blod på scene.[9] Venen til Wilcock, Dave Murray, vart invitert med i bandet, til stor misnøye hos dei andre gitaristane i bandet, Dave Sullivan og Terry Rance.[10] Frustrasjonen deira førte til at Harris ein kort periode la ned Iron Maiden i 1976,[10] men gruppa kom raskt saman att med Murray som sologitarist. Steve Harris og Dave Murray har vore dei lengstvarande medlemmmane i bandet og vore med på alle utgjevingane deira.

Dave Murray og Steve Harris i 2008. Harris og Murray er dei einaste som har spelt på alle albuma til bandet.

Iron Maiden henta inn nok ein gitarist i 1977, Bob Sawyer, som fekk sparken då han skjemde ut bandet med å late som han spelte gitar med tennene sine.[11] Det oppstod spaning i bandet igjen, og splid mellom Murray og Wilcock, og Harris vart overtydd til å gje Murray sparken,[12] i tillegg til den originale trommeslagaren Ron Matthews.[7] Det vart sett saman ei ny besetning, inkludert det framtidige Cutting Crew-medlemmet Tony Moore på klaverinstrument, Terry Wapram på gitar, og trommeslagaren Barry Purkis. Ein dårleg konsert på the Bridgehouse, ein pub i Canning Town,[13] i november 1977, var den første og einaste konserten dei spelte, og førte til at Purkis vart erstatta av Doug Sampson.[14] Samstundes vart Moore beden om å slutte sidan Harris meinte at det ikkje passa seg med klaverinstrument i stilen til bandet.[14] Eit par månader seinare fann Dennis Wilcock ut at han hadde fått nok og slutta for å starte sitt eige band, V1, og Dave Murray vart henta inn att.[15] Sidan han føretrekte å vere den einaste sologitaristen i bandet, mislikte Wapram at Murray kom attende og fekk sparken.[7]

Steve Harris, Dave Murray og Doug Sampson brukte sommaren og hausten 1978 på å øve og leite etter ein songar for bandet.[16] Eit tilfeldig møte på Red Lion pub i Leytonstone i november 1978 førte til at vokalisten Paul Di'Anno fekk prøvespeling og jobbe i bandet.[17] Steve Harris sa «Det er ein kvalitet i røysta til Paul, ei grov stemme, eller kva ein kan kalle det, som gjorde han skarp».[18] På denne tida var Murray vanlegvis den einaste sologitaristen, og Harris sa «Davey var så god at han kunne gjere mykje på eiga hand. Planen var alltid å få inn ein andregitarist, men å finne ein som kunne matche Davey var verkeleg vanskeleg.»[19]

Platekontrakt og dei første platene (1978–81)[endre | endre wikiteksten]

Nyårsaftan 1978 spelte Iron Maiden inn ein demo, som bestod av fire songar, i Spaceward Studios i Cambridge.[20] Dei håpte innspelinga skulle sikre dei fleire konsertar,[20] og bandet gav ein kopi til Neal Kay, som då styrte ein heavy metal-klubb kalla «Bandwagon Heavy Metal Soundhouse», som låg i Kingsbury Circle, nordvest i London.[21] Då han høyrte lydbandet, byrja Kay å spele demoen fast på Bandwagon og ein av songane, «Prowler», gjekk etter kvart til topps på Soundhouse-lista, som var ei vekesliste publisert i magasinet Sounds magazine.[22] Rod Smallwood fekk òg tak i ein kopi og vart etter kort tid manageren til bandet,[23] og etter kvart som Iron Maiden vart meir populære, gav dei ut ein demo på sitt eige selskap, kalla The Soundhouse Tapes, kalla opp etter klubben.[24] Han inneheld berre tre songar. Ein av dei, «Strange World», vart ekskludert av bandet då dei ikkje var nøgdø med produksjonen.[25] Alle dei fem tusen kopiane vart selde på ei veke.[26]

I desember 1979 sikra bandet seg ein stor platekontrakt med EMI[27] og bad barndomsvenen til Dave Murray, Adrian Smith, om å bli med i gruppa som andregitarist.[28] Smith avslo sidan han var oppteken av sitt eige band, Urchin, så Iron Maiden hyrte gitaristen Dennis Stratton i staden for.[29] Kort tid etter slutta Doug Sampson på grunn av helsa si og vart erstatta av den tidlegare Samson-trommeslagaren Clive Burr den 26. desember.[30] Den første utgjevinga til Iron Maiden på ei plate var samleplata Metal for Muthas (utgjeve 15. februar 1980) emd to tidlege versjonar av «Sanctuary» og «Wrathchild».[31] Utgjevinga førte til ein turné med fleire band knytte til new wave of British heavy metal.[32]

Paul Di'Anno og Steve Harris varmar opp for Judas Priest på British Steel-turneen deira i 1980.

Iron Maiden gav ut albumet Iron Maiden i 1980, og denne debuterte på fjerdeplassen på UK Albums Chart.[33] I tillegg til tittelsporet (med ein musikkvideo som var ein av dei første som vart spelte på MTV), inneheld albumet tidlege favorittar som «Running Free», «Transylvania», «Phantom of the Opera» og «Sanctuary» – som ikkje var på den originale britiske utgåva, men med på den amerikanske versjonen og seinare nymastra utgåver. Bandet la ut på ein turné i Storbritannia, før dei varma opp for Kiss på turneen deira i 1980 i Europa, i tillegg til at dei varma opp for Judas Priest på sommme konsertar. Etter Kiss-turneen fekk Dennis Stratton sparken frå bandet på grunn av kunstnariske og personlege skilnader,[34] og vart erstatta av Adrian Smith i oktober 1980.

I 1981 gav Iron Maiden ut det andre albumet sitt, kalla Killers. Det inneheld mange songar som vart skriven før debutalbumet kom ut, og berre to nye songar skrivne for albumet: «Prodigal Son» og «Murders in the Rue Morgue»[35] (sistnemnde var henta frå novella til Edgar Allan Poe).[36] Bandet var misnøgd med produksjonen på debutalbumet,[37] og hyrte inn veteranprodusenten Martin Birch,[38] som arbeidde med Iron Maiden fram til han pensjonerte seg i 1992.[39] Plata vart følgd opp av den første verdsturneen deira, med dei første konsertane deira i USA, som oppvarming for Judas Priest på The Aladdin Casino i Las Vegas.[40]

Suksess (1981–85)[endre | endre wikiteksten]

I 1981 var Paul Di'Anno byrja å bli stadig meir sjølvøydeleggjande, særleg med hardt dopmisbruk,[7] Di'Anno har seinare fortalt «det var ikkje berre det eg sniffa litt kokain. Eg heldt det gåande utan stopp, 24 timar om dagen, kvar dag ... bandet hadde oppdrag for månader framover, og eg klarte ikkje sjå ein veg ut av det. Eg visste at eg aldri kom til å klare ein heil turné. Det var for mykje.»[41] Då framføringa hans byrja å bli dårlegare, fekk Di'Anno sparken etter Killer World-turneen,[42] men bandet hadde då alt sett seg ut ein erstattar.[43]

Etter eit møte med Rod Smallwood under Reading Festival,[44] prøvesong Bruce Dickinson, tidlegare frå Samson, for Iron Maiden i september 1981 og fekk jobben med ein gong.[43] Månaden etter drog Dickinson på turné med bandet i Italia og ein enkelkonsert på Rainbow Theatre i Storbritannia.[42] For det siste showet, og i påvente av det komande albumet, spelte bandet «Children of the Damned» og «22 Acacia Avenue», og introduserte fansen for stilen dei var på veg mot.[45]

I 1982 gav Iron Maiden ut The Number of the Beast, det første albumet deira som nådde toppen av den britiske albumlista.[46] I tillegg nådde det topp 10 i mange andre land.[47] På den tida var Dickinson i ein rettstrid med styret til Samson og fekk ikkje lov til å bruke namnet sitt som låtskrivar på nokre av songane, sjølv om han kom med det han kalla «moralske bidrag» til «Children of the Damned», «The Prisoner» og «Run to the Hills».[48] For andre gongen la bandet ut på ein verdsturné, kalla The Beast on the Road, der dei vitja Nord-Amerika, Japan, Australia og Europa, og var ein av hovudattraksjonane på Reading-festivalen. I 2010 rapporterte The New York Times at albumet hadde seld over 14 millionar eksemplar verda over.[49]

Den amerikanske delen av The Beast on the Road vart kontroversiell då ei amerikansk, konservativ lobby-gruppe hevda at Iron Maiden var sataniske på grunn av tittelsporet på det nye albumet,[47] og dette førte til at kristne aktivistar øydela Iron Maiden-plater i ein protest mot bandet.[50] I nyare år har Dickison sagt at bandet såg på dette som «dumheit»,[51] og at demonstrasjonane i røynda hadde gjeve dei «store mengder publisitet».[7]

Nicko McBrain har vore trommeslagaren i Iron Maiden sidan 1982.

I desember 1982 fekk trommisen Clive Burr sparken frå bandet og vart erstatta av Nicko McBrain, tidlegare frå det franske bandet Trust.[52] Harris har sagt at han fekk sparken fordi konsertprestasjoanne hans var påverka av ting han gjorde utanom konsertane,[53] men Burr har hevda at dette er feil og at han på urett vis vart fjerna frå bandet.[54] Kort tid etter reiste bandet for første gongen til Bahamas for å spele inn det første av tre album i Compass Point Studios.[55] I 1983 gav dei ut Piece of Mind, som nådde tredjeplassen i Storbritannia,[56] og vart det første albumet deira som gjekk inn på albumlista i Nord-Amerika, med ein 70. plass på Billboard 200.[57] Piece of Mind omfattar dei suksessrike singlane «The Trooper» og «Flight of Icarus», og sistnemnde vart særleg mykje spelt på radio i USA.[58]

Kort tid etter Piece of Mind og den påfølgjande turneen, gav bandet ut Powerslave den 9. september 1984. Albumet inneheld fan-favorittane «2 Minutes to Midnight», «Aces High» og «Rime of The Ancient Mariner»,[59] sistnemnde basert på Samuel Taylor Coleridge-diktet med same namn og er over 13 minuttar lang.

Turneen etter albumet fekk namnet World Slavery-turneen og var den største bandet hadde gjennomført til då, med 193 konsertar i 28 land over 13 månader,[59] for eit samla publikum på kring 3,5 millionar.[60] Mange show vart spelt to dagar på rad i same bym som i Long Beach i California, der bandet spelte fire konsertar på rad. Det var her det meste av konsertalbumet Live After Death, vart spelt inn. Dette vart ein stor suksess og nådde fjerdeplassen i Storbritannia.[61] Iron Maiden spelte òg første gongen i Sør-Amerika, der dei i lag med Queen spelte på Rock in Rio-festivalen for kring 300 000 menneske.[62] Turneen var fysisk utmattande for bandet, som tok seks månader fri då han var over (sjølv om dette vart redusert til fire månader).[63] Dette var den første lengre pausen bandet hadde hatt, og førte til at ein føreslått turné for å marknadsføre det nye konsertalbumet deira, vart avlyst,[64] og Bruce Dickinson truga med å slutte om ikkje turneen stoppa.[65]

Eksperimentering (1986–89)[endre | endre wikiteksten]

Etter pausen starta bandet med ein ny stil for studioalbumet deira i 1986, Somewhere in Time, der bandet for første gongen i historia brukte synthesiser-bass og gitarar for å leggje til tekstur og fleire lydlag.[66] Albumet gjorde det bra verda over, særleg singelen «Wasted Years», men hadde ingen songar skrivne av songaren Bruce Dickinson, då resten av bandet avviste songane hans.[67] Medan Dickinson fokuserte mest på sin eigen musikk, vart gitaristen Adrian Smith, som ofte samarbeidde med vokalisten, «etterlate til seg sjølv» og byrja å skrive songar på eiga hand. Han kom då opp med «Wasted Years», «Sea of Madness» og «Stranger in a Strange Land»,[68] og den siste vart den andre singelen frå albumet.[67]

Eksperimenteringa på Somewhere in Time fortsette på det neste albumet, Seventh Son of a Seventh Son, som kom ut i 1988. Det var eit konseptalbum basert på romanen Seventh Son av Orson Scott Card,[69] og var første gongen bandet brutke klaverinstrument, spelt av Harris og Smith,[69] og ikkje berre gitar-synthesizer, slik dei hadde brukt på det førre albumet.[70] Etter at bidraga hans ikkje var blitt nytta på Somewhere in Time, fekk Dickinson entusiasmen attende då ideane hans vart nytta for dette albumet.[70] Albumet slo an og vart den andre plata deira so gjekk til topps i Storbritannia,[71] men selde berre til gullplate i USA, i motsetnad til dei fire føregåande albuma, som hadde selt betre.[72]

Etter turneen for albumet, var bandet hovudattraksjonen på Monsters of Rock-festivalen i Donington Park for første gongen den 20. august 1988, og spelte for det største publikummet i historia til festivalen (107 000).[73] På plakaten stod òg Kiss, David Lee Roth, Megadeth, Guns N' Roses og Helloween.[74] Festivalen vart skjemd av at to fans omkom under konserten til Guns N' Roses, og festivalen vart derfor avlyst året etter.[73] Turneen vart avslutta med fleire konsertar i Storbritannia i november og desember 1988, mellom anna på NEC Arena i Birmingham, som vart filma for ein video kalla Maiden England.[75] Bassteknikaren til Harris, Michael Kenney, spelte klaverinstrument under turneen.[76] Kenney har sidan den gongen spelt klaverinstrument for bandet, mellom anna på dei fire neste albuma, før Harris spelte alle klaverinstrument i studio frå Brave New World i 2000.[77]

Urotid (1989–94)[endre | endre wikiteksten]

Under ein ny pause i 1989, gav gitaristen Adrian Smith ut eit soloalbumet med bandet sitt, ASAP, kalla Silver and Gold,[78] og vokalisten Bruce Dickinson byrja å arbeide på eit soloalbum med den tidlegare Gillan-gitaristen Janick Gers, og gav ut Tattooed Millionaire i 1990,[79] etterfølgd av ein turné.[80] Samstundes markerte bandet 10-årsjubileum som plateartist med å gje ut The First Ten Years, ein serie på 10 CDar og doble 12"-singlar. Mellom 24. februar og 28. april 1990, vart dei individuelle platene gjeve ut ein etter ein, kvar med to Iron Maide-singlar, inkludert dei originale B-sidene.

Kort tid etter, kom Iron Maiden saan att i studio. Under pre-produksjonen slutta Adrian Smith i bandet på grunn av usemje med Steve Harris om kva retning bandet burde ta og var usamd om den den «nedstrippa» stilen dei var på veg mot.[81] Janick Gers, som hadde arbeidd med Dickinson på soloprosjektet hans, vart vald ut til å erstatte Smith, og vart det første nye bandmedlemmet på sju år.[80] Albumet No Prayer for the Dying kom ut i oktober 1990[82] og inneheld «Bring Your Daughter... to the Slaughter», den første og einaste singelen deira som har nådd toppen av den britiske singellista. Det var opphavleg ei innspeling av Dickinson for filmmusikken til A Nightmare on Elm Street 5: The Dream Child.[83]

Etter ein turné og ein pause gav bandet ut det neste studioalbumet, Fear of the Dark, som kom ut i 1992 med tittesporet, som no er fast på setlista til bandet. Det var det tredje albumet deira som nådde toppen av den britiske albumlista,[84] og inneheld singelen «Be Quick or Be Dead» som nådde andreplassen på den britiske singellista, og «From Here to Eternity» som nådde 21. plassen. Albumet inneheld dei første songane Gers skreiv for bandet, og ingen samarbeid i det heile mellom Harris og Dickinson. Den omfattande verdsturneen som følgde omfatta fleire konsertar i Latin-Amerika, og dei var hovudattraksjon på Monsters of Rock-festivalen i sju land i Europa. Den andre konserten til Iron Maiden i Donington Park, føre 68 500 menneske, vart filma og gjeve ut på Live at Donington, med gjesteopptreden av Adrian Smith, som kom på scenen for «Running Free».[85]

I 1993 slutta Bruce Dickinson i bandet for å fokusere på solokarrieren sin, men gjekk med på å bli med på ein farvellturné og to konsertalbum (seinare gjeve ut som eitt album).[86] Det første, A Real Live One, inneheld songar frå 1986 til 1992, og kom ut i mars 1993. Det andre, A Real Dead One, inneheld songar frå 1980 til 1984, og vart gjeven ut etter Dickinson hadde forlate bandet. Turneen gjekk ikkje så bra, og Steve Harris hevda at Dickinson berre gav alt på dei større konsertane og at han på fleire konsertar berre mumla inn i mikrofonen.[87] Dickinson nekta for skuldingane og sa det ikkje var mogeleg å gje alt om stemninga ikkje var rett, og meinte at atmosfæren ikkje var god mellom han og bandet sidan han skulle slutte.[88] Han spelte farvellkonserten sin med Iron Maiden den 28. august 1993. Denne vart filma og send av BBC, og gjeve ut på video som Raising Hell.[89]

Blaze Bayley-tida, The X Factor og Virtual XI (1994–99)[endre | endre wikiteksten]

I 1994 lytta bandet til hundrevis av lydband sendt inn av vokalistar, før dei overtydde Blaze Bayley, tidlegare frå bandet Wolfsbane som hadde varma opp for Iron Maiden i 1990, om å prøvesyngje for dei.[90] Bayley hadde ein vokalstil som skilde seg frå Dickinson, og dette var ikkje så godt motteke blant fansen.[91]

Etter ein to år lang pause (og ein tre år lang pause frå studioutgjevingar - ein rekord for bandet på den tida) kom Iron Maiden attende i 1995. Dei gav ut The X Factor, som oppnådde den lågaste plasseringa deira på den britiske albumlista sidan 1981, og debuterte på ein åttandeplass,[92] men ann prisen for årets album i Frankrike og Tyskland.[93] Plata inkluderer den 11 minuttar lange, episke «Sign of the Cross», den lengste songen til bandet sidan «Rime of the Ancient Mariner», og singlane «Man on the Edge», basert på filmen Falling Down,[94] og «Lord of the Flies», basert på romanen med same namn.[95] Utgjevinga er kjend for den «mørke» tonen, inspirert av skilsmissa til Steve Harris.[93] Bandet turnerte resten av 1995 og 1996 og spelte for første gongen i Israel og Sør-Afrika,[96] før dei stoppa for å gje ut Best of the Beast. Det var den første samleplata til bandet, og inneheld ein ny singel, «Virus», eit åtak mot kritikarane som nyleg hadde avskrive bandet.[97]

Iron Maiden gjekk i studio igjen for å spele inn Virtual XI, som kom ut i 1998. Det fekk den lågaste listeplasseringa deira til då,[98] mellom anna med ein 16. plass i Storbritannia[99] og det vart det første albumet som ikkje selde minst ein million verda over i historia til Iron Maiden.[100] Samstundes assisterte Steve Harris med å mastre heile diskografien til bandet på ny, opp til og med Live at Donington.[101]

Bayley-perioden i Iron Maiden tok slutt i januar 1999, då han vart beden om å slutte i eit bandmøte.[102] Dette kom av problem Bayley hadde hatt med stemma si under Virtual XI-turneen,[103] men Janick Gers har sidan sagt at det var dels bandet si skuld som tvang han til å syngje songar som låg utafor det naturlege stemmeleiet hans.[104]

Dickinson og Smith kjem attende, Brave New World (1999–2002)[endre | endre wikiteksten]

Adrian Smith kom attende i Iron Maiden i 1999, og dei hadde då tre gitaristar.

Medan gruppa leitte etter ein erstattar for Bayley, overtydde Rod Smallwood Steve Harris om å invitere Bruce Dickinson attende i bandet.[105] Sjølv om Harris innrømde at han «ikkje likte det» til å byrje med, tenkte han så «'Vel, me kjenner Bruce og me veit kva han kan, og du tenkjer, me kom overeins i elleve år, så eg tenkte på det og hadde eigentleg ikkje noko problem med det.»[105]

Bandet byrja å diskutere med Dickinson, som gjekk med på å kome attende til bandet under eit møte i Brighton i januar 1999,[106] i lag med gitaristen Adrian Smith, som dei ringde til eit par timar seinare.[107] Med Gers, erstattaren til Smith, framleis i bandet, hadde Iron Maiden no tre gitaristar og la ut på ein særs suksessrik gjenforeiningsturné.[108] Turneen vart kalla Ed Hunter-turneen, og marknadsførte det nyaste samlealbumet deira, Ed Hunter, der innhaldet vart avgjort av fansen på ei nettside. Det inneheldt òg eit lite dataspel med Eddie the Head, maskoten til bandet.[109]

Den største uroa til Dickinson var o gruppa klarte å «lage eit toppmoderne album, og ikkje berre eit comeback-album»[105] og dette tok form som Brave New World i 2000.[110] Badde mislikte resultata frå det personlege studioet til Harris, Barnyard Studios på eigedomen hans i Essex,[111] som var nytta til å spele inn dei fire siste Iron Maiden-allbuma, og bandet valde å spele inn det nye albumet i Guillaume Tell Studios i Paris i november 1999, med produsenten Kevin Shirley.[110] Songen «The Wicker Man» var basert på kultfilmen med same namn frå 1973 – og tittelen «Brave New World» var henta frå Aldous Huxley-romanen med same namn.[112] Albumet la vekt på den meir progressive og melodiske stilen frå somme tidlegare innspelingar, med utførlege songstrukturar og orkestrering på klaverinstrument.[112]

Verdsturneen som følgde bestod av godt over 100 konsertar og kulminerte den 19. januar 2001 med ein konsert på Rock in Rio-festivalen i Brasil, der Iron Maiden spelte for 250 000 menneske.[113] Konserten vart produsert for CD og DVD i mars 2002 under namnet Rock in Rio.[114] Bandet tok eit års pause frå turneringa, men spelte tre konsertar på rad i Brixton Academy til støtte for den tidlegare trommeslagaren Clive Burr, som nyleg hadde fått diagnosen multippel sklerose.[115] Bandet spelte to konsertar til for Burr i 2005[116] og 2007[117], før han døydde i 2013.[118]

Dance of Death og A Matter of Life and Death (2003–07)[endre | endre wikiteksten]

Etter Give Me Ed... 'Til I'm Dead-turneen sommaren 2003, gav Iron Maiden ut Dance of Death, det 13. studioalbumet deira. Det vart ein stor suksess.[119] Albumet var produsert av Kevin Shirley, som no var den faste produsenten deira, og mange kritikarar meinte at det matcha tidlegare album som Killers, Piece of Mind og The Number of the Beast.[120] Som vanleg var det mange referansar til historia og litteraturen. «Montségur» synte til Cathar-skansen som vart erobra i 1244,[121] og «Paschendale» omhandla det viktige slaget som fann stad under den fyrste verdskrigen.[122] Under den påfølgjande turneen spelte bandet i Westfalenhalle i Dortmund i Tyskland, og denne konserten vart gjeve ut på album og DVD i august 2005 som Death on the Road.[123]

I 2005 annonserte bandet Eddie Rips Up the World-turneen, for å marknadsføre DVDen The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days frå 2004, som berre inneheld materiale frå dei fire første albuma.[124] Som ein del av denne feiringa av dei første åra, vart «The Number of the Beast» gjeve ut på ny som singel, og gjekk rett til tredjeplassen på den britiske singellista.[125] Turneen vart ein ny bestseljar, med mellom anna ein konsert på Ullevi stadion i Sverige føre nesten 60 000 menneske.[126] Denne konserten vart send live på fjernsyn over heile Europa til nesten 60 millionar sjåarar.[127] Etter fleire europeiske konsertar, leia bandet ein amerikansk festivalturne, Ozzfest, med Black Sabbath, og den siste konserten deira på denne turneen fekk mykje mediamerksemd då konserten vart sabotert av familien til songaren Ozzy Osbourne,[128] etter at Dickinson hadde snakka nedlatande om reality-TV.[129] Bandet fullførte turneen med å spele på Reading- og Leeds-festivalane den 26.-28. august,[130] og RDS stadion i Irland den 31. august. For andre gongen spelte bandet eit veldedig sho for The Clive Burr MS Trust Fund, denne gongen i Hammersmith Apollo.[116] Same året vart bandet innlemma i Hollywood RockWalkSunset Boulevard i Los Angeles.

Vokalisten Bruce Dickinson under A Matter of Life and Death-turneen.

Mot slutten av 2005 byrja Iron Maiden å arbeide på A Matter of Life and Death, det 14. studioalbumet deira. Det kom ut hausten 2006. Det var ikkje eit konseptalbum,[131] men krig og religion var tilbakevendande tema i tekstane og plateomslaget. Utgjevinga fekk god kritikk og selde godt, og vart det første albumet deira som nådde topp ti på Billboard 200[132]. Det vart kåra til årets album av musikkmagasinet Classic Rock.[133] Under turneen som følgde spelte bandet heile albumet frå start til slutt, noko som fekk blanda mottaking.[134]

Den andre delen av «A Matter of Life and Death»-turneen, som fann stad i 2007, vart kalla «A Matter of the Beast» for å ferie 25-årsjubileet til The Number of the Beast, og dei spelte på fleire store festivalar verda over.[135] Turneen opna i Midtausten og den første konserten deira nokon gong i Dubai på Dubai Desert Rock Festival,[136] der dei spelte for over 30 000 menneske på Bangalore Palace Grounds.[137] Dette var den første store konserten til eit heavy metal-band i Midtausten.[136] Bandet spelte så ei rekkje konsertar i Europa, mellom anna på Download Festival, den fjerde konserten deira i Donington Park,[138] for kring 80 000 menneske.[139] Den 24. juni enda turneen med ein konsert i Brixton Academy i London for The Clive Burr MS Trust.[117]

Somewhere Back in Time World Tour og Flight 666 (2007–09)[endre | endre wikiteksten]

Den 5. september 2007 annonserte bandet Somewhere Back in Time-turneen, som var knytt til DVD-utgjevinga av Live After Death .[140] Setlista for turneen fortsette suksessen frå 1980-åra med særleg vekt på Powerslave.[140] Den første delen av turneen tok til i Mumbai i India den 1. februar 2008, og bestod av 24 konsertar i 21 byar,[141]. Dei spelte den første konserten sin i Costa Rica og Colombia og dei første konsertane i Australia og Puerto Rico sidan 1992.

Iron Maiden i Toronto under Somewhere Back in Time-turneen i 2008. Scenen var ei etterlikning av scenedesignet nytta under World Slavery-turneen 1984–85.[140]

Turneen førte til eit nytt samlealbum, Somewhere Back in Time, som var ei samling av songar frå debutalbumet i 1980 til Seventh Son of a Seventh Son i 1988, i tillegg til fleire konsertversjonar frå Live After Death.[142]

Somewhere Back in Time-turneen fortsette med to delar i USA og Europa somaren 2008, der bandet brukte ein større scene og brukte fleire element frå dei originale Live After Death-showa.[143] Den einaste konserten i Storbritannia fann stad på Twickenham stadion, og det var første gongen bandet stod øvst på plakaten på eit stadion i heimlandet.[144] De tre delane av turneen i 2008 var særs suksessrike og den nest mest innbringande turneen av ein britisk artist det året.[145]

Den siste delen av turneen fann stad i februar og mars 2009 der bandet igjen brukte flyet sitt, «Ed Force One».[146] Bandet spelte sine første konsertar i Peru og Ecaudor, i tillegg til at dei kom attende til Venezuela og New Zealand for første gong på 17 år.[147] Bandet spelte òg ein konsert i India, på Rock in India-festivalen. Turneen enda i Florida den 2. april. I alt hadde over to millionar menneske sett bandet i løpet av dei to åra turneen varte.[148]

Under Brit Awards i 2009 vann Iron Maiden prisen for beste britiske liveband.[149] Prisen vart stemnd fram av folket, og bandet vann visstnok med god margin.[150]

Den 20. januar 2009 annonserte bandet at dei skulle gje ut ein dokumentarfilm som skulle sendast på utvalde kinoar den 21. april 2009. Filmen heitte Iron Maiden: Flight 666, og vart filma under den første delen av Somewhere Back in Time-turneen mellom februar og mars 2008.[151] Flight 666 vart produsert av Banger Productions og vart distribuert av Arts Alliance Media og EMI.[152] Filmen vart gjeve ut på Blu-ray, DVD og CD i mai og juni,[148] og toppa musikk-DVD-listene i 22 land.[153]

The Final Frontier og Maiden England-turneen (2010–14)[endre | endre wikiteksten]

Det femtande albumet til bandet, The Final Frontier, kom ut 16. august 2010,[154] og fekk god kritikk[155] og vart den største kommersielle suksessen i bandhistoria. Det nådde toppen av albumlistene i 28 land.[156] Sjølv om Steve Harris tidlegare hadde sagt at bandet berre kom til å lage femte studioalbum,[157] stadfesta bandet seinare at det kom til å bli minst eitt album til.[158]

Turneen som følgde bestod av 98 konsertar verda over for kring 2 millionar menneske,[159] inkludert dei første konsertane deira i Singapore, Indonesia og Sør-Korea,[156] før dei avslutta i London den 6. august 2011.[160] Før turneen kom i gang i 2010, gav bandet ut «El Dorado» for gratis nedlasting den 8. juni,[154] og songen vann Grammyprisen for beste metal-song. i 2011.[161] Det var første gongen bandet vann denne prisen.[162]

6. juni 2011 kom samlealbumet From Fear to Eternity, som dekte perioden 1990–2010,[163] og inneheld konsertopptak med Bruce Dickinson som var teken med i staden for dei originale innspelingane med Blaze Bayley.

17. januar 2012 kom DVDen En Vivo!, basert på konserten deira i Chile. Denne kom òg ut på CD, LP og Blu-ray.[164] I tillegg til konserten følgde ein 88 minuttar lang dokumentar kalla Behind The Beast, med intervju av bandet og mannskapet som arbeidde for dei.[165] I desember 2012 vrt ein song frå utgjevinga («Blood Brothers») nominert til Grammyprisen for beste hardrock/metal-song.[166]

Sommaren 2012 starta Maiden England-turneen i Nord-Amerika, og denne fortsette til 2014, med konsertar i Donington Park,[167] det nybygde Friends Arena i Stockholm,[168] Rock in Rio i Brasil,[169] og den første konserten deira i Paraguay.[170] Videoen Maiden England kom ut på ny i 2013,[171] på DVD, CD og LP, kalla Maiden England '88.[172]

The Book of Souls (2015 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

I 2013 vart det annonsert at bandet arbeidde på eit nytt album, men utgjevinga vart utsett då Dickinson vart behandla for ein kreftsvulst på tunga.[173] Albumet kom ut 4. september 2015 og fekk namnet, The Book of Souls, men det kom ikkje til å bli noko turné i 2016 på grunn av sjukdommen til Dickinson.[174] Det fekk god omtale og selde godt, og vart det femte albumet deira på toppen av den britiske albumlista.[175] Albumet var det første dobbeltalbumet til bandet.[176] Avslutningssongen, «Empire of the Clouds», skriven av Dickinson, er den lengste songen Iron Maiden har spelt inn med ei lengd på 18 minutt.[174]

I februar 2016 la bandet ut på The Book of Souls-turneen, med konsertar i 35 land verda over, og dei første konsertane deira i Kina, El Salvador og Litauen.[177]

Image og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden vart rangert på 24. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste hardrockartistane,[178] fjerdeplassen på lista til MTV over dei 10 beste heavy metal-banda gjennom tidene[179] og tredjeplassen på lista til VH1 Classic over dei 20 beste metal-banda.[180] Bandet har fått Ivor Novello-prisen for internasjonale prestasjonar i 2002[181] og vart innlemma i Hollywood RockWalk i 2005.[182]

Maskoten til Iron Maiden, Eddie, har vore fast på plateomslaga til bandet og konsertane deira.[183] Opphavleg var det ei pappmasje-maske som spruta falskt blod under konsertane deira,[184] og namnet vart overført til karakteren som var på omslaget av debutplaata deira, skapt av Derek Riggs.[185] Eddie vart berre måla av Riggs fram til 1992, då bandet byrja å bruke andre kunstnarar, som Melvyn Grant.[84] Eddie var òg med i videospelet til bandet, Ed Hunter,[186] og det mobile rollespelet Iron Maiden: Legacy of the Beast,[187] og er avbilda på mange T-skjorter, plakatar og andre varer tilknytt bandet.[183] I 2008 fekk han «Icon Award» ved Metal Hammer Golden Gods,[188] medan Gibson.com skildra han som «det mest gjenkjennelege metal-ikonet i verda».[189]

Påverknad på andre artistar[endre | endre wikiteksten]

I følgje Guitar World har Iron Maiden «påverka generasjonar av nyare metalband, frå legender som Metallica til nyare stjerner som Avenged Sevenfold[190] og Metallica-trommisen Lars Ulrich har sagt at han «alltid har hatt valdsam stor respekt og beundring for dei.»[191] Kerry King frå Slayer har sagt at «dei betydde så mykje for meg dei første åra» og Scott Ian frå Anthrax sa «dei hadde ein stor innverknad på livet mitt.»[192]

M. Shadows frå Avenged Sevenfold sa at Iron Maiden «er det klårt beste live-bandet i verda og musikken deira er tidlaus», medan Trivium-songaren Matt Heafy sa at «utan Iron Maiden, ville garantert ikkje Trivium ha eksistert».[191] Slipknot-frontmannen Corey Taylor sa at «Steve Harris gjer meir med fire fingrar enn eg har sett nokon annan gjere. Og Bruce Dickinson? Dude! For meg er han ein av dei ultimate heavy metal-songarane av den gamle skulen. Han trefte nokre sjuke tonar, og han var òg ein flott underhaldar. Alt gjorde meg fan. Og det var ikkje ein kar eg var med som ikkje prøvde å teikne Eddie på skuleboka si»,[179] medan musikken deira òg hjelpte Jesper Strömblad frå In Flames til å bli ein pioner innan sjangeren melodisk death metal,, og sa at han ønskte å kombinere death metal med den melodiøse gitarstilen til Iron Maiden.[193]

Andre heavy metal-artistar som har omtalt bandet som ei inspirasjonskjelde er Chris Jericho, frontsongaren i Fozzy,[194] Cam Pipes, songaren i 3 Inches of Blood,[195] Vitaly Dubinin, bassisten i Aria,[196] og Mikael Åkerfeldt, gitarist og vokalist i Opeth.[197] Både dei noverande og tidlegare Dream Theater-medlemmane John Petrucci, John Myung og Mike Portnoy hr sagt at Iron Maiden var den største inspirasjonskjelda deira då bandet først vart skipa.[198]

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Bandnamnet har blitt nemnt i fleire andre songar, som singlane «Teenage Dirtbag» av Wheatus,[199] «Back to the 80's» av Aqua.[200] og «Fat Lip» av Sum 41.[201] Iron Maiden har òg blitt referert i Weezer «Heart Songs» (frå albumet Red ),[202] Blues Traveler sin «Psycho Joe» (frå Straight on till Morning frå 1997),[203] og NOFX sin «Eddie, Bruce and Paul» (frå albumet Coaster), som Sputnikmusic skildrar som «ein morosam attfortelling av avgangen til Paul DiAnno».[204] Det svenske power metal-bandet Sabaton har referert til bandet i songane sine «Metal Machine», «Metal Crue» og «Metal Ripper»[205].

I 2008 gav Kerrang! ut eit album kalla Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden, som bestod av Iron Maiden-songar spelt av artistar som Metallica, Machine Head, Dream Theater, Trivium, Coheed and Cambria, Avenged Sevenfold, og andre som var påverka av Iron Maiden gjennom karrieren sin.[191] De finst mange andre cover-album med musikk av Iron Maiden.[206]

Iron Maiden-songar har blitt nytta i fleire videospel, som Carmageddon 2,[207] Grand Theft Auto: Vice City,[208] Grand Theft Auto: Episodes From Liberty City,[209] Grand Theft Auto IV: The Lost and Damned,[210] Tony Hawk's Pro Skater 4,[211] SSX on Tour[212] og Madden NFL 10.[213] Musikken deira finst òg i Guitar Hero og Rock Band-serien.[214] Iron Maiden-songar har blitt nytta i filmar som Phenomena (kalla Creepers i USA),[215] og Murder by Numbers;[216] medan den animerte duoen Beavis and Butt-head ofte omtalte bandet positivt.[217]

Påstandar om satanisme[endre | endre wikiteksten]

I 1982 gav bandet ut det mest populære, kontroversielle og kritikarroste albumet, The Number of the Beast. Plateomslaget og tittelen førte til at kristne grupper i USA kalla bandet satanistar, og oppfordra folk til å øydeleggje platene deira.[50] Manageren i bandet, Rod Smallwood, kommenterte seinare at kristne først brende platene deira, men valde seinare å knuse dei med hamrar fordi dei frykta gassane som kom frå den smeltande vinylen.[218] Påstandane kom ikkje berre frå USA, og kristne organisasjonar klarte å hindre Iron Maiden frå å spele i Chile i 1992.[219]

Bandet har alltid nekta for at dei er satanistar, og vokalisten Bruce Dickinson gjorde nettopp dette på scenen i konsertvideoen Live After Death.[62] Steve Harris har sidan sagt, «Det var galskap. Dei såg det frå heilt feil side. Dei hadde tydelegvis ikkje lese tekstane. Dei ønskte berre å tru alt det tøvet om at me var satanistar.»[47] Harris har sagt at «The Number of the Beast» var inspirert av eit mareritt han hadde etter å ha sett Damien: Omen II,[220] og var òg inspirert av Robert Burns-diktet Tam o' Shanter.[51] I tillegg har trommeslagaren Nicko McBrain vore nyfrelst kristen sidan 1999.[221]

Ed Force One[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden sitt Boeing 747-400, Ed Force One, brukt under The Book of Souls-turneen i 2016.

For Somewhere Back in Time-turneen i 2008 og 2009, bestilte Iron Maiden eit Astraeus Airlines Boeing 757 som transport.[222] Flyet vart omgjort til eit combifly, som kunne ta både flyet, mannskapet deira og alt utstyret, slik at dei kunne spele i land der det tidlegare ikkje var logistisk mogeleg å spele.[141] Det vart lakkert i Iron Maiden-design,[141] som flyselskapet valde å behalde seinare.[223]

Flyet fekk namnet «Ed Force One» etter ein konkurranse på nettsida til bandet,[224] og vart flydd av Dickinson sjølv, sidan han òg var kommersiell flykaptein for Astraeus, og spelar ei stor rolle i den prisvinnande dokumentarfilmen[225] Iron Maiden: Flight 666, som gjekk på kino i 42 land i april 2009.[151] Eit anna fly (registrert G-STRX)[226] vart nytta under The Final Frontier-turneen i 2011, og er med i dokumentarfilmen «Behind the Beast». For The Book of Souls-turneen i 2016, oppgraderte bandet eit tidlegare Air France Boeing 747-400 jumbojet, leigd inn av Air Atlanta Icelandic[227] og ombygd av Volga-Dnepr Gulf,[228] slik at ein kunne få meir rom utan å gjere store ombyggingar for å få med utstyret deira.[229]

Musikkstil og inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Steve Harris, bassisten og den viktigaste låtskrivaren i Iron Maiden,[230] har sagt at han var inspirert av mellom andre Black Sabbath, Deep Purple, Led Zeppelin, Uriah Heep, Pink Floyd, Genesis, Yes, Jethro Tull, Thin Lizzy, UFO og Wishbone Ash.[231] I 2010 sa Harris «Eg trur at om nokon vil forstå dei tidlege Iron Maiden-greiene, særleg harmonigitarane, så må dei lytte til Wishbone Ash-albumet Argus. Thin Lizzy òg, men ikkje så mykje. Og så ønskte med å bruke litt av prog-greia der òg, fordi eg likte verkeleg godt band som Genesis og Jethro Tull. Så du kombinerer alt det med tunge riff og fart, og så har du det.»[190] I 2004 forklarte Harris at den tunge stilen deira var inspirert av «Black Sabbath og Deep Purple med litt Zeppelin.»[232] På toppen av dette utvikla Harris sin eigen spelestil, som gitaristen Janick Gers skildrar som «meir som ein rytmegitar,»[233] som laga den gallopperande stilen til bandet,[234] som ein kan høyre i songar som «The Trooper»[235] og «Run to the Hills».[236]

Gitaristane i bandet, Dave Murray, Adrian Smith og Janick Gers, har kvar sine eigne inspirasjonskjelder og spelestilar. Dave Murray er kjend for legatoteknikken sin, som han hevdar «utvikla seg naturleg. Eg høyrde Jimi Hendrix brukte legato då eg vaks opp, og eg likte den spelestilen.»[237] Han sa han «var inspirert av bluesrock meir enn metal,» og Adrian Smith var inspirert av Johnny Winter og Pat Travers, som førte til at han vart ein «melodisk gitarist.»[238] Janick Gers føretrekkjr ein meir improvisert stil, i stor grad inspirert av Ritchie Blackmore,[239] som han hevdar står i kontrast til den «rytmiske» stilen til Smith.[240]

Songaren Bruce Dickinson, som typisk samarbeidar med gitaristen Adrian Smith,[241] har ein operaaktig vokalstil, inspirert av Arthur Brown, Peter Hammill, Ian Anderson og Ian Gillan,[242] og vert ofte rekna som ein av dei beste heavy metal-vokalistane gjennom tidene.[243] Sjølv om Nicko McBrain berre er tilskriven som låtskrivar på éin song, på albumet Dance of Death,[244] har Harris ofte vore avhenging av han for å utvikle songane. Adrian Smith sa «Steve elskar å spele med han. Dei brukte å arbeide i time etter time over bass- og trommeparti.»[245]

Gjennom karrieren har bandet endra stilen sin lite, trass i at dei brukte gitar-synthesizerar i 1986 på Somewhere in Time,[82] klaverinstrument på Seventh Son of a Seventh Son i 1988,[70] og eit forsøk på ein meir «nedstrippa» produksjon på No Prayer for the Dying.[81] I nyare år har dei byrja å bruke meir progressive element i songane sine,[246] som Steve Harris har sagt er ikkje progressiv «på den moderne måten, men som Dream Theater, på ein 70-talsmåte».[247] I følgje Harris var Seventh Son of a Seventh Son det første albumet til bandet som var «meir progressivt»,[248] men dei gjekk først attende til denne stilen med The X Factor i 1995, so han kallar «som ei forlenging av Seventh Son..., med eit progressivt element».[93] Utviklinga står i kontrast med den enklare stilen frå dei tidlege utgjevingane,[190] som AllMusic har kalla «tydelegvis inspirert av element frå punkrock»,[249] sjølv om Harris nekta for dette.[250]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bandit Rock Awards:

Brit Awards:

  • 2009: Best British Live Act[149]

Classic Rock Roll of Honour Awards:

Echo Music Prize:

  • 2016: Rock Alternative/International[256]

Emma-gaala:

  • 2004: Publikumsstemme for beste utanlandske artist[257]
  • 2006: Publikumsstemme for beste utanlandske artist[257]

Grammy-prisen:

Hollywood's RockWalk:

  • 2005: RockWalk of Fame Inductee[182]

Ivor Novello-prisen:

  • 2002: Internasjonale presentasjonar[181]

Juno-prisen:

Kerrang! Awards:

  • 2005: Kerrang! Hall of Fame[260]
  • 2013: Kerrang! Inspiration[261]
  • 2016: Kerrang! Legend[262]

Metal Hammer Golden Gods Awards:

Metal Storm Awards:

Silver Clef Award:

  • 2004: Special Achievement Award[272]
  • 2015: O2 Silver Clef Award 2015[273]

Rockbjörnen:

  • 2011: Best Hard Rock Live Act[274]

SXSW Film Festival:

  • 2009: 24 Beats Per Second – Iron Maiden: Flight 666[275]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Steve Harris – bass, korvokal (1975 til i dag), klaverinstrument (1988, 1998 til i dag)
  • Dave Murray – gitarar (1976–1977, 1978 til i dag)
  • Adrian Smith – gitarar, korvokal (1980–1990, 1999 til i dag), klaverinstrument (1988)
  • Bruce Dickinson – solovokal (1981–1993, 1999 til i dag), piano (2015)
  • Nicko McBrain – trommer, perkusjon (1982 til i dag)
  • Janick Gers – gitarar (1990 til i dag)
Turnémedlemmar
  • Michael Kenney – klaverinstrument (1988 til i dag)

Tidlegare medlemmar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Iron Maiden.
Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Phillips & Cogan 2009, s. 117.
  2. Green 2010.
  3. Smith 2009.
  4. {{{1}}}.
  5. Wall 2004, s. 29; Bushell & Halfin 1985, s. 9.
  6. Barton 1979.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 EMI 2004.
  8. Wall 2004, s. 29.
  9. 9,0 9,1 Wall 2004, s. 32.
  10. 10,0 10,1 Wall 2004, s. 33.
  11. Wall 2004, s. 44.
  12. Wall 2004, s. 46.
  13. Wall 2004, s. 23.
  14. 14,0 14,1 Wall 2004, s. 48.
  15. Wall 2004, s. 50.
  16. Wall 2004, s. 52.
  17. Wall 2004, s. 54.
  18. Wall 2004, s. 53.
  19. Wall 2004, s. 64.
  20. 20,0 20,1 Wall 2004, s. 66.
  21. Wall 2004, s. 67.
  22. Wall 2004, s. 104–105.
  23. Wall 2004, s. 83.
  24. Wall 2004, s. 103.
  25. Wall 2004, s. 102.
  26. Wall 2004, s. 104-105.
  27. Wall 2004, s. 108.
  28. Wall 2004, s. 163–164.
  29. Wall 2004, s. 121.
  30. Wall 2004, s. 123.
  31. Wall 2004, s. 137.
  32. Wall 2004, s. 139; Saulnier 2012.
  33. Wall 2004, s. 143.
  34. Hinchcliffe 1999.
  35. Wall 2004, s. 183.
  36. Brannigan.
  37. Wall 2004, s. 145.
  38. Wall 2004, s. 181.
  39. Wall 2004, s. 300.
  40. Wall 2004, s. 251.
  41. Wall 2004, s. 194.
  42. 42,0 42,1 Wall 2004, s. 219.
  43. 43,0 43,1 Wall 2004, s. 218.
  44. Wall 2004, s. 217.
  45. Dome 2014.
  46. Wall 2004, s. 227.
  47. 47,0 47,1 47,2 Wall 2004, s. 228.
  48. Shooman 2007, s. 82.
  49. Pfanner 2010.
  50. 50,0 50,1 Young(1).
  51. 51,0 51,1 Eagle Vision 2001.
  52. Wall 2004, s. 233.
  53. Wall 2004, s. 232–233.
  54. Marlow 2011.
  55. Wall 2004, s. 246.
  56. Wall 2004, s. 247.
  57. Billboard.
  58. Wall 2004, s. 245.
  59. 59,0 59,1 Wall 2004, s. 253.
  60. Stenning 2006, s. 102.
  61. Wall 2004, s. 257.
  62. 62,0 62,1 EMI 2008.
  63. Wall 2004, s. 258.
  64. Stenning 2006, s. 104.
  65. Wall 2004, s. 255.
  66. Huey(3).
  67. 67,0 67,1 Wall 2004, s. 260.
  68. Wall 2004, s. 261.
  69. 69,0 69,1 Popoff 2005(d).
  70. 70,0 70,1 70,2 Wall 2004, s. 265.
  71. Wall 2004, s. 263.
  72. RIAA.
  73. 73,0 73,1 Wall 2004, s. 269.
  74. UK Rock Festivals.
  75. Wall 2004, s. 272.
  76. Wall 2004, s. 266; Johnson 1988.
  77. Gennet 2010.
  78. Wall 2004, s. 273.
  79. Wall 2004, s. 281.
  80. 80,0 80,1 Wall 2004, s. 285.
  81. 81,0 81,1 Wall 2004, s. 283.
  82. 82,0 82,1 Prato.
  83. Wall 2004, s. 282.
  84. 84,0 84,1 Wall 2004, s. 289.
  85. Wall 2004, s. 291.
  86. Wall 2004, s. 293.
  87. Wall 2004, s. 296.
  88. Wall 2004, s. 297.
  89. Wall 2004, s. 298.
  90. Wall 2004, s. 301.
  91. Stagno 2006(b).
  92. Wall 2004, s. 313.
  93. 93,0 93,1 93,2 Wall 2004, s. 311.
  94. Paterson 2009, s. 44.
  95. Popoff 2005(b).
  96. Wall 2004, s. 314.
  97. Wall 2004, s. 316.
  98. Sverigetopplistan.
  99. Official Charts Company 1998.
  100. Stagno 2006(a).
  101. Saulnier 2010.
  102. Wall 2004, s. 324.
  103. Wall 2004, s. 321.
  104. Brave Words & Bloody Knuckles 2010.
  105. 105,0 105,1 105,2 Wall 2004, s. 328.
  106. Wall 2004, s. 329.
  107. Wall 2004, s. 330.
  108. Wall 2004, s. 331.
  109. Adams.
  110. 110,0 110,1 Wall 2004, s. 341.
  111. Berelian 2000.
  112. 112,0 112,1 Wall 2004, s. 342.
  113. Wall 2004, s. 353; Shooman 2007, s. 176; Sanctuary 2002; Martins 2002.
  114. Wall 2004, s. 357.
  115. Wall 2004, s. 361.
  116. 116,0 116,1 Blabbermouth.net 2005c.
  117. 117,0 117,1 Blabbermouth.net 2007c.
  118. BBC News 2013.
  119. Wall 2004, s. 368.
  120. Wall 2004, s. 369.
  121. Wall 2004, s. 373.
  122. Wall 2004, s. 375.
  123. Blabbermouth.net 2005a.
  124. Blabbermouth.net 2005b.
  125. Official Charts Company 2005.
  126. Metal Underground 2004.
  127. Metal Underground 2005.
  128. KNAC 2005; Sullivan 2005.
  129. Wilde 2008.
  130. NME 2005; Williams 2005.
  131. Blabbermouth.net 2006.
  132. Billboard 2006.
  133. 133,0 133,1 133,2 Blabbermouth.net 2006b.
  134. Vincentelli 2006; Evening Times 2006.
  135. Blabbermouth.net 2007b.
  136. 136,0 136,1 Blabbermouth.net 2007a.
  137. Vulliamy 2007.
  138. Metal Underground 2007.
  139. Blabbermouth.net 2007d.
  140. 140,0 140,1 140,2 Lane 2007.
  141. 141,0 141,1 141,2 Metal Storm 2007.
  142. Lane 2008.
  143. Sputnikmusic 2008.
  144. Thrash Hits 2007.
  145. Khan 2009.
  146. Bezer 2008.
  147. Soto 2008.
  148. 148,0 148,1 Bezer 2009d.
  149. 149,0 149,1 Bezer 2009b.
  150. Blabbermouth.net 2009c.
  151. 151,0 151,1 Bezer 2009a.
  152. Blabbermouth.net 2009d.
  153. Bezer 2009f.
  154. 154,0 154,1 Blabbermouth.net 2010c.
  155. MetaCritic1.
  156. 156,0 156,1 Coleman 2011.
  157. Daily Star 2009.
  158. Bezer 2010b; Dawson 2011.
  159. Blabbermouth.net 2011a.
  160. Blabbermouth.net 2010f.
  161. Blabbermouth.net 2010g.
  162. Rock on the Net.
  163. Blabbermouth.net 2011c.
  164. Blabbermouth.net 2012.
  165. UpVenue.
  166. Alderslade 2012b.
  167. Kielty 2012.
  168. Nilsson 2012.
  169. Childers 2012; Rocha 2012.
  170. Crónica 2013.
  171. Jaedike 2012.
  172. Hartmann 2013.
  173. Kielty 2015a; Kaufman 2015.
  174. 174,0 174,1 Grow 2015.
  175. MetaCritic2; Sexton 2015.
  176. Kielty 2015b.
  177. Lach 2015b; Alfa.lt 2015.
  178. VH1 2005.
  179. 179,0 179,1 MTV 2006(a).
  180. VH1 2006.
  181. 181,0 181,1 Sanctuary Group 2002.
  182. 182,0 182,1 Gitar Center.
  183. 183,0 183,1 Wall 2004, s. 133.
  184. Wall 2004, s. 62.
  185. Wall 2004, s. 136.
  186. Popoff 2005(a).
  187. Lach 2016.
  188. 188,0 188,1 188,2 Thrash Hits 2008.
  189. Lefkove 2008.
  190. 190,0 190,1 190,2 Bienstock 2011.
  191. 191,0 191,1 191,2 Kerrang! 2008.
  192. Young(2).
  193. Metal Update 2010.
  194. MTV 2006(b).
  195. Charlesworth 2009.
  196. Lenta.ru 2010.
  197. Lawson 2013.
  198. Blabbermouth.net 2010e.
  199. Basham 2000.
  200. MetroLyrics(1).
  201. Sputnikmusic(1).
  202. MetroLyrics(2).
  203. MetroLyrics(3).
  204. Thomas 2009.
  205. MetroLyrics(4).
  206. AllMusic(2).
  207. Giant Bomb.
  208. IGN.
  209. Allgame.
  210. Rockstar Games.
  211. Blabbermouth.net 2002.
  212. Cheat Code Central.
  213. Metal Insider 2009.
  214. East 2009; Rock Band.
  215. BillWyman.com 2014.
  216. JoBlo.com.
  217. Wardlaw; Ling 2005.
  218. Eagle Vision 2001; Young(1).
  219. Brave Words & Bloody Knuckles 2011(2).
  220. Wall 2004, s. 224.
  221. Godscare.
  222. Bezer 2008; Metal Storm 2007.
  223. Blabbermouth.net 2008.
  224. Cashmere 2008.
  225. Juno Awards 2010; Bezer 2009c.
  226. EMI 2012.
  227. PlaneSpotters.net; Sands 2016.
  228. volga-dnepr.com 2016.
  229. Lach 2015b.
  230. MusicRadar 2010.
  231. Blabbermouth.net 2004c; EMI 2004; Wall 2004, s. 27; Wall 2004, s. 154.
  232. Blabbermouth.net 2004c.
  233. Popoff 2005(c).
  234. Fender.
  235. Huey(2).
  236. Lawson.
  237. McIver 2010(a).
  238. McIver 2010(c).
  239. Wall 2004, s. 277.
  240. McIver 2010(b).
  241. Wall 2004, s. 244.
  242. Dmme.net.
  243. Rosen 2011; HearYa.com 2006; Blabbermouth.net 2009a; Blabbermouth.net 2009b.
  244. Ling 2005b.
  245. Wall 2004, s. 241.
  246. Dome 2006a; Dome 2006b.
  247. Dome 2006b.
  248. Wall 2004, s. 264.
  249. Huey(1).
  250. VH1 2011.
  251. Blabbermouth.net 2011b.
  252. Bandit Rock 2015.
  253. Bandit Rock 2016.
  254. Barton 2009.
  255. BBC News 2015.
  256. Fulker 2016.
  257. 257,0 257,1 YLE.
  258. Gill 2011.
  259. Juno Awards 2010.
  260. Jones 2005.
  261. Anderson 2013.
  262. Walker 2016.
  263. Blabbermouth.net 2004a.
  264. 264,0 264,1 Bezer 2009e.
  265. Metal Storm 2011.
  266. Blabbermouth.net 2012b.
  267. Kielty 2014.
  268. Newsbeat 2016.
  269. Metal Storm (1).
  270. Metal Storm (2).
  271. Metal Storm (3).
  272. Blabbermouth.net 2004b.
  273. Cooper 2015.
  274. Wejbro 2011.
  275. Bezer 2009c.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Iron Maiden
Commons har multimedium som gjeld: Iron Maiden
Commons har multimedium som gjeld: Ed Force One