Irsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Irland vert stundom kalla «Smaragdøya» eller «den grøne øya» på grunn av det grøne landskapet.

Irland er ei øy nordvest i Europa i Nord-Atlanteren. Havet har danna ei ujamn kystlinje i vest med mange øyar, halvøyar og nes. Geografisk er Irland i hovudtrekk samansett av ei låg sentral slette omringa av kystfjell. Det høgaste fjellet er Carrauntoohil (irsk Corrán Tuathail) med ei høgd på 1 038 meter over havet. Det er fleire store innsjøar langs dei irske elvane og den største av dei er Lough Neagh. Øya er meir elle mindre delt i to av elva Shannon som med ei lengd på 259 km og eit estuar på 113 km er den lengste elva på Irland. Ho renn sørover frå County Cavan i nord til Atlanterhavet ved Limerick.

Politisk er Irland delt i Republikken Irland og Nord-Irland, som er ein del av Storbritannia. Vest for øya ligg øya Storbritannia. Ho har eit areal på 84 079 km² og mellom Irland og Storbritannia ligg Irskesjøen, medan Det keltiske havet ligg sør for Irland.

Geologisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Slieve League i Donegal er eit godt døme på tidleg irsk steinformasjon.

Den eldste kjende bergarten på Irland er om lag 1,7 milliardar år gamal og er funne på øya Inishtrahull utanfor kysten av County Donegal. I andre delar av Donegal har forskarar oppdaga stein som er avleiringar frå isbrear, noko som viser at isbreane var med på å forme Irland under istidene.

For om lag 600 millionar år sidan, mot slutten av prekambrium vart den irske landmassen delt i to, der den eine halvdelen hamna på vestsida av Japetushavet og den andre delen på austsida. Begge delane låg på denne tida om lag der Sør-Afrika ligg i dag. Ut i frå fossilar som er funne ved Bray Head i County Wicklow veit ein at Irland var under havnivå på denne tida.

Dei neste 50 millionar åra dreiv desse to delane mot kvarandre og kom til slutt saman for om lag 440 millionar år sidan. Fossil oppdaga nær Clogher Head i County Louth viser dette ut frå dyreliv frå begge sider av det opphavlege havet som delte dei. Fjella nordvest på Irland vart danna under denne kollisjonen, og det same vart granitten som er funne i Donegal og Wicklow.

Den irske landmassen var no over havnivå og låg nær ekvator, og ein har funne fossil etter landdyr og landplanter frå denne perioden. Dette inkluderer fossil av tre frå Kiltorcan i County Kilkenny, beinfisk og ferskvassmuslingar, og fotefar etter firbeinte amfibiarValentia i County Kerry. Old Red Sandstone oppstod òg på denne tida.

Mellom 400 millionar og 300 millionar år sidan sokk nordvestlege området av Europa, inkludert Irland, ned i eit varmt og kalkhaldig hav. Store korallrev oppstod i desse farvatna og danna til slutt kalkstein som framleis utgjer om lag 65 % av grunnfjellet på øya. Då vatnet trekte seg attende blømde tropiske regnskogar og sumpområde. Planterestane danna kol, men det mest vart erodert bort seinare. Denne perioden enda med at Irland dreiv lenger nordover og det trykket som dette førte til danna dei irske fjella og åsane som går frå nordaust til sørvest på øya.

Karstlandskap i Burren

For 250 millionar år sidan låg Irland like langt nord som Egypt gjer i dag og hadde ørkenklima. Det vart i denne perioden at det meste av sandsteinen og kolet vart erodert bort. Dei tynnar laga med kalkstein sør i landet vart òg delvis påverka av erosjon. Kalksteinen som kom fram då sandsteinen forsvann vart påverka av karbondioksid og andre faktorar som skapte det karstiske landskapet ein framleis kan sjå i Burren i County Clare.

Kort tid etter denne perioden førte organisk avfall i havområdet rundt Irland til danninga av gass og olje, som i dag spelar ei viktig rolle i økonomien på øya. Så, for om lag 150 millionar år sidan forsvann Irland i havet igjen, denne gongen i eit kritthaldig hav som danna krittlag over store delar av overflata. Spor av dette har overlevd under basaltlava i nordlege område.

For om lag 65 millionar år sidan byrja den vulkanske aktiviteten som danna denne lavaen. Mournefjella og andre fjell i nord vart danna som følgje av denne aktiviteten. Dei klimatiske forholda på denne tida var varme og vegetasjonen blømde. Planterestar i Antrimfordjupninga danna førekomstar av brunkol eller lignitt, som har fått vere i fred fram til i dag. Dei varme forholda førte til mykje regn som akselererte erosjonsprosessane og danninga av karstlandskapet.

For 25 millionar år sidan var Irland nær si noverande plassering. Den lange erosjonsperioden hadde ført til kraftig jordsmonnutvikling og det meste av grunnfjellet var dekt. I området med god drenasje bestod jordsmonnet av brun eller grå jord, medan ein i området med dårleg drenering fekk svart leire. Då klimaet vart kjøligare gjekk jordsmonnutviklinga seinare og plantene og dyrelivet, som millionar av år seinare vart kjend for dei første menneskelege busetjarane, byrja å dukke opp. For om lag tre millionar år sidan var landskapet på Irland meir eller mindre forma slik som i dag.

Etter om lag 1,7 millionar år sidan har jorda gått inn i syklusar på varme og kalde periodar, som òg har påverka Irland. Dei tidlegaste spora etter denne syklusen kjem frå perioden kalla den ballyliniske varmeperioden, for om lag ein halv million år sidan. På denne tida hadde mesteparten av det ein reknar som naturlege irske tre etablert seg på øya. Isbreane som oppstod under dei kalde periodane var ein stor medverkande faktor i forme det irske landskapet slik ein ser det i dag.

Isen forma bredalar slik som Glendalough i Wicklow, botnar og bresjøar. Avleiringar og avfall frå den smeltande isen danna drumlinar, eit vanleg kjenneteikn i nordlege innlandet. Elvar oppstod òg under isen og avleiringar frå desse danna rullesteinsåsar (irsk eiscir). Den største av desse er Esker Riada, som deler øya i ein nordleg og sørleg halvdel. Ryggen av denne åsen fungerte ein gong som hovudvegen mellom aust- og vestkysten. Om lag halvparten av kystlinja består av lågtliggande beiteland av sand, kalla Machair.

Bergartar og jordtypar[endre | endre wikiteksten]

Lag av siltstein, skifer og sandstein kan ein sjå ved Cliffs of Moher, nær Doolin i County Clare

Det store sentrale låglandet av kalkstein er dekt av avleiringar frå isbreane i form av leire og sand med vidstrakte myrområde og innsjøar. Bog of Allen er ein av dei største myrområda. Kystfjella har ein svært varierande geologisk struktur. I sør består fjella av gamal raud sandstein med kalkstein i elvedalane. I Galway i Mayo, Donegal, Down og Wicklow, består fjella hovudsakleg av granitt, medan den nordaustlege delen av landet hovudsakleg består av eit basaltplatå. Her finn ein mellom anna Giant's Causeway i County Antrim, som hovudsakleg er ein basaltformasjon.

Jordsmonnet i nord og i vest er generelt dårleg drenert torv og gleijord, inkludert podsol. I sør og aust har ein derimot langt betre drenering med brun jord og brun og grå podsol. Dette mønsteret følgjer nedbørsfordelinga på Irland, der dei dårleg drenerte områda av største nedbørsmengder.

Eit uvanleg landskap finn ein nord i County Clare i eit område kalla Burren. Dette karst liknande landskapet består av kalkstein med lite eller ingen jordsmonn i dei indre områda. Det er fleire slukhol her der vatnet forsvinn under bakken gjennom den porøse bergarten og omfattande grottesystem har oppstått i enkelte område. Grotta Pol an Ionain nær Doolin har ein av dei lengste fritthengande stalaktittane i verda.

Fjell, elvar, innsjøar og andre fysiske kjenneteikn på Irland er vist på dette kartet (større utgåve).

Fjellkjeder[endre | endre wikiteksten]

Irland består av eit hovudsakleg flatt, lågtliggande område i dei indre områda, omringa av fjellkjeder som (frå County Kerry og mot klokka) Macgillycuddy's Reeks, Comeraghfjella, Blackstairfjella, Wicklowfjella, Mournefjella, Glens of Antrim, Sperrinfjella, Bluestackfjella, Derryveaghfjella, Oxfjella, Nephinbegfjella og Twelve Bens/Maumturkfjella. Nokre av fjellkjedene ligg lenger inne i landet sør i Irland, som Galteefjella, Silvermines og Slieve Bloom. Det høgaste fjellet er Carrauntoohil med ei høgd på 1 038 meter over havet. Det ligg i Macgillycuddy's Reeks, ei kjede av sandstein forma av isbrear i County Kerry sørvest på øya. Fjella er ikkje høge og berre tre toppar strekkjer seg over 1000 meter, medan 455 fjell er over 500 meter høge.[1]

Elvar og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Den største elva på Irland er Shannon med ei lengd på 386 km. Ho er òg den lengste elva i Storbritannia. Ho skil dei myrlendte, indre områda av Irland frå dei vestlege områda av øya. Det ligg tre store innsjøar langs elva, Lough Allen, Lough Ree og Lough Derg. Av desse er Lough Derg den største. Shannon munnar ut i Atlanterhavet etter Limerick ved Shannonestuaret. Andre store elvar på Irland er Liffey, Lee, Blackwater, Nore, Suir, Barrow og Boyne. (Sjå elvar på Irland for fleire elvar.)

Lough Neagh i Ulster er den største innsjøen på Irland. I følgje segna skal kjempa Fionn mac Cumhail ha slåst med ei anna kjempe i Skottland. Han greip tak i ein stor klump med jord som han kasta, men han bomma og jordklumpen fall ned i Irskesjøen og danna Isle of Man, medan holet som vart att vart Lough Neagh. Andre store innsjøar på Irland er Lough Erne og Lough Corrib. (Sjå òg innsjøar på Irland.)

Fjordar og bukter[endre | endre wikiteksten]

Topografien til Irland

Dei to største buktene på Irland ligg i County Donegal. På eine sida av Malinhalvøya ligg Lough Swilly. Lough Foyle ligg på den andre sida og er den største fjorden eller bukta på Irland, mellom County Donegal og County Londonderry. Lenger sør langs kysten ligg Belfast Lough, mellom County Antrim og County Down. I County Down finn ein òg Strangford Lough, som ligg mellom Ardshalvøya og fastlandet. Lenger nedover kysten finn ein Carlingford Lough mellom Down og County Louth.

Dublin Bay er den neste større bukta, medan resten av austkysten av Irland stort sett er glatt fram til Wexford Harbour ved munningen av elva Slaney. På sørkysten finn ein Waterford Harbour der elva Suir munnar ut (som har dei to andre søstrene, Nore og Barrow, som sideelvar). Lenger vest ligg Cork Harbour ved munningen av elva Lee, der øya Great Island ligg.

Dunmanus Bay, Bantry Bay, Kenmare-estuaret og Dingle Bay er alle bukter mellom halvøyane i County Kerry. Nord for desse ligg Shannon-estuaret. Mellom nordlege område av County Clare og County Galway ligg Galway Bay.

Clew Bay ligg på kysten av County Mayo, sør for Achill, medan Blacksod Bay ligg nord for øya. Killala Bay ligg på nordkysten av Mayo. Donegal Bay er ei stor bukt mellom County Donegal og County Sligo.

Nes[endre | endre wikiteksten]

Malin Head i County Donegal er det nordlegaste punktet på Irland, medan Mizen Head er eit av dei sørlegaste. Dette har gjeve opphav til uttrykket «frå Malin head til Mizen Head» (eller omvendt) om noko som gjeld for heile Irland. Carnsore Point i County Wexford er eit anna ytterpunkt i Irland, og er det det søraustlegaste punktet på øya.

Vidare langs kysten finn ein Hook Head, òg i County Wexford, medan Old Head of Kinsale i County Cork er eit av mange nes langs sørkysten av Irland.

Loop Head er eit nes i County Clare på vestkysten av Irland med Atlanterhavet i nord, og vidare lenger inne ligg Shannonestuaret. Hags Head er eit anna nest lenger nord på kysten av Clare, med Cliffs of Moher nord for dette neset.

Erris Head i County Mayo er det nordvestlegaste punktet i Connacht.

Øyar og halvøyar[endre | endre wikiteksten]

Dinglehalvøya sett frå Banna Strand

Achill i County Mayo nordvest for Irland er den største av øyane utanfor irskekysten. Øya er busett og forbunde til fastlandet via ei bru. Nokre av dei større irske øyane er Aranøyane, utanfor kysten av County Galway, som har eit irsktalande samfunn, eller Gaeltacht. Valentia utanfor Iveragh i County Kerry er òg ei av dei større øyane ved Irland og er forbunde til fastlandet via ei bru i søraust. Omey Island,utanfor kysten av Connemara i County Galway er ei tidvassøy.

Nokre av dei mest kjende halvøyane i Irland ligg i County Kerry; Dinglehalvøya, Iveragh og Bearahalvøya. Ardshaløya i County Down er ein av dei større halvøyane utanfor Kerry. Inishowen i County Donegal inneheld det nordlegaste punktet på Irland, Malin Head og fleire viktige byar som Buncrana ved Lough Swilly, Carndonagh og Moville ved Lough Foyle.

Det nordlegaste irske landområde er øya Inishtrahull, nord for Malin Head, sjølv om Rockall ligg lenger nord. Rockall er derimot omstridd og både Storbritannia, Republikken Irland, Danmark (for Færøyane) og Island har gjort krav på ho. Det sørlegaste irske landområdet er øya Fastnet Rock.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Irland har eit maritimt klima og er kraftig påverka av Atlanterhavet og Golfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så ulikt det ein finn i Storbritannia, men har mindre temperaturvariasjonar og over 50% meir nedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19 °C. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk som i Wicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sommaren er forholdsvis kjølig med om lag same temperaturar som i Skottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperaturen ofte over 20 °C om sommaren.

Nedbøren fordeler seg nokolunde jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftig vind når vinterstormane frå vest passerer forbi. Den tørraste tida på året er seint på våren og tidleg om sommaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det tørraste område av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762 mm, medan vestkysten av Irland har rundt 1400-1500 mm. Det er sjeldan torevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har om lag ti episodar med torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.

Tabellen under viser normale nedbør- og temperaturforhold for Dublin lufthamn i perioden 1961 til 1990.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. (°C) 7,6 7,5 9,5 11,4 14,2 17,2 18,9 18,6 16,6 13,7 9,8 8,4 12,8
Normal min. temp. (°C) 2,5 2,5 3,1 4,4 6,8 9,6 11,4 11,1 9,6 7,6 4,2 3,4 6,
Normal solskinstimar (h) 1,8 2,5 3,6 5,2 6,1 6,0 5,4 5,1 4,3 3,1 2,4 1,7 3,9
Normal månadsnedbør (mm) 69,4 50,4 53,8 50,7 55,1 56,0 49,9 70,5 66,7 69,7 64,7 75,6 732,7

Politisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Irland er delt inn i fire provinsar, Connacht, Leinster, Munster og Ulster og 32 grevskap. Seks av dei ni grevskapa i Ulser høyrer til Nord-Irland og dei 26 andre dannar Republikken Irland. Kartet viser grensene mellom grevskapa.

Kart over grevskapa på Irland Republikken Irland
  1. Dublin
  2. Wicklow
  3. Wexford
  4. Carlow
  5. Kildare
  6. Meath
  7. Louth
  8. Monaghan
  9. Cavan
  10. Longford
  11. Westmeath
  12. Offaly
  13. Laois
  14. Kilkenny
  15. Waterford
  16. Cork
  1. Kerry
  2. Limerick
  3. Tipperary
  4. Clare
  5. Galway
  6. Mayo
  7. Roscommon
  8. Sligo
  9. Leitrim
  10. Donegal

Nord-Irland

  1. Fermanagh
  2. Tyrone
  3. Londonderry/Derry
  4. Antrim
  5. Down
  6. Armagh

For eit administrativt synspunkt har 20 av grevskapa i Republikken Irland eit lokalt styre. Dei seks andre har meir enn ein lokal styresmakt. Tipperary er delt i to, North Tipperary og South Tipperary. Byane Dublin, Cork, Limerick, Galway og Waterford har byråd som er administrativt skild frå grevskapa med same namn. Den gjenverande delen av County Dublin er delt inn i Dun Laoghaire-Rathdown, Fingal, og South Dublin.

Valkretsar i Republikken Irland følgjer hovudsakleg grensene til grevskapa.

I Nord-Irland vart det utfort ei stor omorganisering av den lokale styresmakta i 1973 der dei seks tradisjonelle grevskapa og to bykommunar (Belfast og Derry) vart erstatta av 26 distrikt, som, bortsett frå Fermanagh, kryssa dei opphavlege grensene mellom grevskapa. Dei seks grevskapa og dei to bykommunane vert framleis nytta for formål som statthaldarskap.

Totalt bur det om lag 6 millionar innbyggjarar på Irland, og dei fleste bur på austkysten, særleg i området rundt Dublin og Belfast.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Myrområde[endre | endre wikiteksten]

Industriell innhausing av torvmyr i Bog of Allen.

Irland har 12 000 km² med myrområde, og desse består av to forskjellige typar: Teppemyr og høgmyr. Teppemyrer er den mest utbredt av dei to typane. Dei har hovudsakleg oppstått som følgje av menneskeleg aktivitet hjelpt av det fuktige irske klimaet. Teppemyrer har oppstått i området der bønder frå yngre steinalder avskoga område for jordbruk. Då desse landområda ikkje vart brukt lenger vart jordsmonntet metta med vatn og vart surare, og slik vart det danna eit miljø med gode vekstvilkår for planter som røsslyng og siv. Avfallet etter desse plantene samla seg opp og danna eit lag med torv.

Høgmyrer er mest vanleg rundt i nedslagsfeltet til Shannon. Dei oppståd då nedsenkingar etter den siste istida vart fylt med vatn og danna innsjøar. Avfall frå siv i desse innsjøane danna eit lag på botn av dei og etter kvart grodde innsjøane igjen og danna høgmyrer.

Sidan 1600-talet har ein grave opp torv som brensel til oppvarming av hus og til matlaging. Denne prosessen auka då ein byrja å kommersielt utnytte torva. I 1940-åra vart det konstruert maskinar som kunne kutte torv og det vart mogeleg å utnytte torvmyrene på stor skala.

I seinare år har dette ført til auka uro om kva konsekvensar dette har på miljøet. Særleg akutt er problemet for høgmyrene, sidan torv frå desse gjev høgare varmeeffekt enn torv frå teppemyrene. Det er derfor no planar i både Republikken Irland og i Nord-Irland om å bevare dei gjenvarande høgmyrene på øya.

Olje, naturgass og mineralar[endre | endre wikiteksten]

Petroleumsverksemda utanfor Irland byrja i 1970. Den første store oppdaginga var Kinsale-feltet i 1971] Det neste vart det mindre Ballycotton-feltet i 1989 og Corrib-feltet i 1996. Ein har ikkje byrja utnyttinga av Corrib-feltet enno, på grunn av problem med å få løyve til å raffinere gassen på land og ikkje til sjøs. Gass frå dei andre felta vert pumpa til lands og vert både nytta i hushaldningar og til industrielle føremål. Eit anna nyleg funn ved Helvick-feltet, som er estimert til å innehalde 5 millionar tønner med olje. I tillegg har det vorte sagt av irske styresmakter at ein reknar med at det finst minst 10 milliardar tønner med olje i dei irske farvatna i Atlanterhavet verdt over 450 milliardar euro (om lag 3 500 milliardar kroner), og at det kan vere så mykje som 130 milliardar tønner. Ein har òg funne gass og olje på land, som ved Lough Allen.

Irland er den største europeiske produsenten av sink og har tre sinkgruver i drift ved Navan, Galmoy og Lisheen. Andre mineralførekomstar av kommerisiell verdi er gull, sølv, gips, talk, kalsitt, dolomitt, takskifer, kalksteinaggregat, byggestein og sand og grus.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Mitchell, Frank and Ryan, Michael. Reading the Irish landscape (1998). ISBN 1-86059-055-1
  • Whittow, J. B. Geography and Scenery in Ireland (Penguin Books 1974)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]