Irsk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen tek for seg historia til øya Irland fram til opprettinga av den irske fristaten og den politiske delinga av øya i 1921.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Den eldste identifiserte folkegruppa på Irland er keltarar. Desse trengde truleg ut eit urfolk, kanskje etter å ha vandra inn frå Spania.

Vikingane i Irland[endre | endre wikiteksten]

I vikingtida var norske vikingar mykje i Irland, og bortsett frå og etter perioden med ran og vald busette truleg ein god del norske seg der og blanda seg med keltarane. Det var norske vikingar som grunnla byen Dublin, som er hovudstaden i Republikken Irland.

Normannarane[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1100-talet vart Irland invadert av normannarane som hadde tatt kontroll over England. Ein del normannarar reiste over og busette seg i Irland. Etter som tida gjekk vart desse for ein stor del assimilert inn i den irske befolkninga. England hadde kontroll over byane langs kysten, og eit område rundt Dublin, som vart kalla the Pale. Resten av landet var kontrollert av innbyrdes stridande irske klanhøvdingar.

Cromwell og rekoloniseringa[endre | endre wikiteksten]

Først på 1600-talet festa England grepet om Irland, mellom anna ved å oppmuntra til storstilt kolonisering, av engelskmenn og skottar. Det kraftigast koloniserte området vart den nordlege provinsen Ulster, der innvandrarane kom til å utgjera fleirtalet av befolkninga. I mellomtida hadde reformasjonen i England skapt eit nytt skilje mellom engelskmennene og irane: Der den engelske statsreligionen vart anglikansk protestantisme heldt dei aller fleste irane fast ved katolisismen.

Frigjeringskamp og nasjonalisme[endre | endre wikiteksten]

Irane blei sterkt undertrykte. Religionen deira, romersk-katolsk kristendom, var i praksis forboden i lang tid, det meste av jorda var okkupert av engelske godseigarar og irar flest var landlause småbønder (peasants). I 1798 kom det til eit omfattande opprør organisert av rørsla United Irishmen, leia av protestanten Wolfe Tone. Opprørarane håpte på hjelp frå det revolusjonære Frankrike, men denne kom aldri, og opprøret vart brutalt slått ned. Dette opprøret vert ofte rekna som starten på den moderne irske nasjonalismen, og Wolfe Tone vart ein legendarisk figur innan irsk populærkultur, og ein inspirasjon for framtidige opprørsforsøk. I 1801 oppløyste det irske parlamentet seg sjølv og Irland vart del av det sameinte kongeriket (United Kingdom). Det irske parlamentet bestod på denne tida hovudsakleg av representantar for den britisk-ætta overklassa, då katolikkar ikkje kunne veljast.

Hungersnaud og emigrasjon[endre | endre wikiteksten]

1840-talet slo potethausten feil fleire år på rad. Fleirtalet av det irske folket levde på poteter frå eigne små jordlappar, mens produkta dei dyrka fram for godseigarane blei eksporterte til England for sal. Folketalet i Irland i 1840 var ca 8 millionar. Nokre år seinare var det ca 4 millionar. Om lag ein million var truleg døde av svolt, resten utvandra. Dei britiske styresmaktene gjorde ingenting.

På førstninga av 1900-talet hadde det vakse fram ei organisert og radikal nasjonal rørsle i Irland, kalla Sinn Féin, som betyr «vi sjølv» på irsk. Dei gjekk inn for ein sjølvstendig irsk republikk, og kjempa mot det britiske monarkiet sitt herredømme i landet. Meir moderate katolske irar kunne vere viljuge til å godta indre sjølvstyre i union med Storbritannia («home rule»), og sverje lojalitet til den britiske krona. Den britiske regjeringa var rett før første verdskrigen innstilt på å gi irane «home rule», men da trua dei protestantiske loyalistane i Ulster med borgarkrig, så saka blei utsett. Så kom krigen, og saka blei utsett igjen.

Påskeopprøret og frigjeringskrigen[endre | endre wikiteksten]

I påska 1916 tok ei gruppe væpna irske nasjonalistar frå rørsla Irish Republican Brotherhood (IRB) kontroll over fleire offentlege bygg i Dublin og erklærte den irske republikken. Dette «påskeopprøret» hadde lita støtte i befolkninga og blei slått ned av britiske soldatar etter berre nokre få dagar. Men da dei britiske styresmaktene avretta dei tilfangetekne leiarane for opprøret, blant dei den såra sosialistleiaren James Connolly, vekte dette stor avsky i den irske befolkninga, og støtta til den radikale republikanismen auka. Under militær leiing av Michael Collins dreiv irske nasjonalistar geriljakrigføring mot dei britiske styresmaktene, under namnet Irish Republican Army (IRA). Britane svarte med terror mot befolkninga. I 1921 meinte begge partar at dette måtte stanse, og det blei våpenkvile og forhandlingar. Desse førte til eit kompromiss som skulle vere mellombels, nemleg at dei 6 nordaustlege fylka med mange lojalistar førebels skulle bli verande under britisk styre, mens resten av landet blei til den irske fristaten, seinare Republikken Irland.

Borgarkrigen og delinga[endre | endre wikiteksten]

Denne avtalen utløyste den irske borgarkrigen, der den nye fristaten sine styrkar, leia av Collins, utkjempa blodige kampar mot dei delane av Sinn Féin og IRA som ikkje ville godta fredsavtalen. Under desse kampane vart Michael Collins og fleire andre framståande leiarar frå uavhengigheitskampen drepne. Fristaten sine styrkar nedkjempa til slutt dei radikale nasjonalistane, som vart reduserte til ei undergrunnsrørsle, som beheldt namnet IRA.

Sidan har Nord-Irland vore under britisk styre, noko dei fleste av katolikkane der aldri har godteke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.