Irvine i Ayrshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Irvine

skotsk-gælisk
skotsk
Irbhinn
Irvin
Irvine-elva i Irvine
Irvine-elva i Irvine
Plassering
Irvine i Ayrshire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region North Ayrshire
Tradisjonelt grevskap Ayrshire and Arran
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

39 527
Koordinatar 55°37′″N 4°40′″WKoordinatar: 55°37′″N 4°40′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KA11 - KA12
Telefon-retningsnummer 0 1294
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Irvine i Ayrshire

Irvine er ein by i regionen North Ayrshire i Skottland. Han har kring 40 000 innbyggjarar.

Byen hadde ein gong ingen mindre enn Robert Burns som innbyggjar. Han har no to gater i byen oppkalla etter seg, Burns Street og Burns Crescent. Trass i at byen klassifiserast som ny har Irvine ei lang historie bak seg som går tilbake mange hundreår. Han var ein gong klassifisert som ein kongeleg burgh. Det finst òg motstridande rykte om at Maria Stuart var kortvarig involvert i historia til byen. Nokre seier ho ei kort stund oppheldt seg på Seagate Castle, og enno er det ei årleg feiring, «Marymass», i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Irvine vart ein kongeleg burgh i 1372 av kong Robert II av Skottland og hamna vart ei hovudhamn for den skotske vestkysten. På 1700-talet var Irvine den største burgh i Ayrshire med ein folkesetnad på rundt 3000 i 1775. Sju handelslaug danna Incorporated Trades 1646 og er enno aktiv. Diktaren Robert Burns jobba her i Heckling Shed i åra 1781 og 1782. Diktaren har ein statue i byen. Statusen til byen som burgh vart avslutta i 1975 då lokaladministrasjonen vart reorganisert.

Hamnehistorie[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Irvine har ei lang historie og var ein gong ei av dei mest prominente hamnene i Skottland etter Glasgow. Det meste av hamna forfall på 1800-talet då Glasgow, Greenock og Port Glasgow fekk større innverknad som hamneanlegg. Likevel var det enno kommersiell sjøtrafikk, men ikkje nok til unngå ytterlegare forfall det neste hundreåret. Eit skipsbyggeri, Ayrshire Shipbuilding, var aktiv inntil den andre verdskrigen var over, skjønt det siste skipet vart bygd før krigen. Det meste av aktiviteten bestod i utbetringar og reparasjonar, inkludert «Queen Elizabeth 2». Irvine Harbour er no offisielt stengt som ei kommersiell hamn og husa rommar no underhaldning. Det er òg tilhaldsstaden for delar av det skotske maritime museet. Tvers over hovudhamna er det ein terminal for anlegga til ICI Nobel Explosives ved elva River Garnock.

Irvine Harbour har unike og karakteristiske bygningar som viser tidvatnet. Teikna og bygde av Martin Boyd i 1906, hamnemeister på den tida. Tidvatnet vart markert på to måtar avhengig av kva for ei tid på døgnet det var. Ved dagslys vart tidvassnivået mælt med ein ball og eit trinsesystem knytt til ei mast. Om natta var det eit mengd lamper som viste tidvassnivået. Di verre har det meste av dette forfalle og masta er delvis demontert.

Utviklinga av den nye byen[endre | endre wikiteksten]

I motsetnaden til andre nye byar som anten vart bygd opp frå grunnen eller har små landsbyar i nærleikar var Irvine allereie ein by av ein viss storleik. Eit selskap, Irvine Development Corporation, vart danna i løpet av 1960-talet for å ha oppsyn med utviklinga og som involverte ein massiv og delvis òg kontroversiell utvikling av dei gamle delane av byen. Selskapet vart utstrekt kritisert for ein del av avgjerslene sine, spesielt rivinga av mange historiske bygningar. Ei positiv utvikling var Irvine Beach Park, eit standparkanlegg. Dette området rundt hamna hadde stort sett vorte ei industriell søppeldynge i løpet av mange år og vart rekna som ein torn i auga på folk. Området vart omdanna til eit parkanlegg med mange grøne vekstar og har vorte ein populær stad å promenere.

Stranda i seg sjølv har vorte kritisert i mange år for å vere skitten på grunn av eit ekstremt utdatert kloakkreinsesystem og blir gjentekne gonger karakterisert som den mest skitne stranda i Skottland.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Irvine har gode offentlege kommunikasjonsmiddel: Jernbanestasjonen finst på vestsida av byen med hovudlinje mellom Stranraer og Glasgow. Bussterminalen ligg rundt Irvine Cross, men nokre av rutene er overført til Bank Street som ligg rett ved.

Det er to bruer som kryssar elva River Irvine, han som ligg lengst sør har vorte kritisert i mange år ved at han ikkje toler tungtrafikk grunna at konstruksjonen er ei Bailey Bridge og har hatt behov for reparasjonar i alle år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]