Isaak Boleslavskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Isaac Boleslavsky)
Isaak Boleslavskij

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 9. juni 1919
Zolotonosja
Død

15. februar 1977 (57 år)
Minsk

Yrke sjakkspelar, faglitterær forfattar, trenar
Språk ukrainsk, russisk
Isaak Boleslavskij på Commons

Isaak Jefremovitsj Boleslavskij[a] (9. juni 191915. februar 1977) var ein ukrainsk jødisk sjakkspelar som var stormeister i sjakk.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Boleslavskij var fødd i Zolotonosja i Ukraina. I 1933 vann han sjakkmeisterskapen for skuleelevar i Dnipropetrovsk. Tre år seinare vart han nummer tre i sovjetmeisterskapen for juniorar for 1936, i Leningrad.

I 1938 vann han den ukrainske meisterskapen i sjakk, berre 19 år gamal. Han vann den ukrainske meisterskapen igjen i 1939, og kvalifiserte seg med dette til sovjetmeisterskapen i sjakk. Dette gav han også den sovjetiske meistertittelen.

I 1940 spelte Boleslavskij i den 12. sovjetmeisterskapen i sjakk i Moskva.[1] Han vann åtte av dei siste ti partia, og kom på ein delt 5-6-plass. Mot slutten av 1940 vann han den ukrainske meisterskapen i sjakk for tredje året på rad. I 1941 deltok han i turneringa kalla Den absolutte sovjetmeisterskapen i sjakk, der han vart nummer fire av dei seks deltakarane.[2]

I 1945 tok han andreplassen i den 14. sovjetmeisterskapen i sjakk, etter Mikhail Botvinnik. Han vann ni parti, spelte seks remisar og tapte to.[3] Dette gav han den dåverande sovjetiske stormeistertittelen.

Han spelte tredje bord i radiosjakklandskapen med USA i 1945. Han spelte remis mot Reuben Fine i det første partiet, og vann det andre. For dette andre partiet fekk han ein pris for beste partiet i radiosjakklandskampen. Partiet er tatt med under minneverdige parti.

I 1946 fekk han dottera Tatjana. Ho blei etter kvart gift med David Bronstein som var 22 år eldre enn henne. Boleslavskij og Bronstein vart nære vennar allereie på slutten av 1930-talet.

I 1946 fekk Boleslavskij sin internasjonale debut i storturneringa i Groningen i Nederland, der han delte 6-7-plassen.

I 1950 var han ein av dei 27 første som vart internasjonal Stormeister i sjakkVerdssjakkforbundet FIDE starta å tildele denne tittelen.

VM-kandidat[endre | endre wikiteksten]

Boleslavskij kvalifiserte seg frå den første Intersoneturneringa i Saltsjöbaden i 1948 til Kandidatturneringa som vart halden to år seinare i Budapest i 1950. Vinnaren skulle spele tvikamp om Verdsmeisterskapen i sjakk mot verdsmeisteren i sjakk Mikhail Botvinnik i 1951. Boleslavskij leia det meste av turneringa, og var den einaste spelaren i turneringa som ikkje tapte noko parti. Men remis i siste runde gjorde at David Bronstein med siger tok han igjen, og dei delte dermed førsteplassen. Det vart deretter spelt ein stikkamp i Moskva om retten til VM-kamp, og denne vann David Bronstein med 3 sigrar, 2 tap og 9 remis.

Dette viste seg å bli Boleslavskij sin siste sjanse som utfordrar til VM-tittelen. Han deltok i Kandidatturneringa i Zürich i 1953, der han delte 10-11-plassen av 15 deltakarar. Han kvalifiserte seg ikkje for seinare kandidatturneringar.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1951 var han Bronstein sin sekundant i Bronstein sin VM-kamp mot Botvinnik - som enda 12-12, og Botvinnik beheldt tittelen. I 1952 tok han 7 poeng på 8 parti i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Helsingfors. Dette var det einaste sjakk-OL han spelte, men han var fleire gongar med som sekundant og støtte til det sovjetiske laget.

Boleslavskij vann meisterskapen for Kviterussland to gongar, delt i 1952 og åleine i 1964.

I 1961 spelte han i sitt siste sovjetmeisterskap. I 1968 var han ikkje-spelande kaptein for Sovjetunionen sitt lag som vann Student-VM i Ybbs. Den siste turneringa han spelte var i Minsk i 1971.

Boleslavskij var sjefstrenar i Sovjetunionen sitt sjakkforbund på 1960-talet. Han var også trenar for verdsmeisteren i sjakk Tigran Petrosjan frå 1963 til 1969. Han var til han døydde ein respektert analytikar og sjakkskribent.

Han døydde i Minsk 15. februar 1977, berre 57 år gamal, etter å ha falle på isen på eit fortau, med brot i hofta som resultat. Han fekk deretter ein dødeleg infeksjon på sjukehuset.

Opningsteori[endre | endre wikiteksten]

Det best kjende bidraget frå Boleslavskij innan opningsteori er Boleslavskij-varianten i Siciliansk forsvar: 1.e4 c5 2.Sf3 d6 3.d4 cxd4 4.Sxd4 Sf6 5.Sc3 Sc6 6.Le2 e5. Varianten kan også spelast frå Najdorf-varianten, med 5...a6 i staden for 5...Sc6.

Frå slutten av 1930-talet begynte Boleslavskij, saman med andre ukrainske spelarar, David Bronstein, Efim Geller og Alexander Konstantinopolskij, å arbeide med Kongeindisk forsvar. Deira innsats gjorde at opninga gjekk frå å vere suspekt til å bli ei av dei mest populære i dag. Hans Kmoch kallar i si bok Pawn Power in Chess oppstillinga i kongeindisk med svarte bønder på c6 og d6, særleg viss d-lina er halvopen, for «Boleslavskij-veggen».

Stormeister Lev Polugaevskij sa om Boleslavskij:

«Eg er overtydd om at alle spelarar, til og med dei aller sterkaste, kunne og skulle lære frå partia hans, særleg dei med Siciliansk forsvar! Når det gjeld djupna han la for dagen når han trengde inn i mysteria i Siciliansk, sett frå både kvit og svart sin ståstad, tvilar eg på om nokon kan samanliknast med Boleslavskij. Han hadde ei virtuos kjensle for dynamikken i opninga, alltid med målsettinga å skape ein komplisert og tviegga kamp. Dette sjølv om han var ein av dei mest smålåtne stormeisterane eg har hatt gleda av å bryne meg på.»[4]

Ei bok med dei beste partia til Boleslavskij vart utgjeven i 1980. Boka vann ein pris som beste sjakkbok utgjeven i Storbritannia dette året.

Minneverdige parti[endre | endre wikiteksten]

Boleslavskij hadde pluss-skår mot verdsmeisteren Mikhail Tal (+2 =3). Han vann jamvel med dei svarte brikkene mot Tal i Riga i 1958.

Boleslavskij fekk ein pris for beste partiet i radiosjakklandskampen mot USA i 1946.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Исаак Ефремович Болеславский, ukrainsk skrift Ісаак Єфремович Болеславський, Isaak Jefremovytsj Boleslavskyj

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

som gav opp følgjande kjelder:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 21. oktober 2009 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 26. oktober 2009 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 21. oktober 2009 
  4. Polugayevsky, Lyev. The Sicilian Labyrinth Volume 2. (Pergamon Chess, 1991) side 61.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]