Isadore Singer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Singer i 1977

Isadore Manuel Singer (fødd 24. april 1924) er ein amerikansk matematikar.

Han er professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han tok doktorgraden ved University of Chicago i 1950. Singer har det meste av det yrkesaktive livet sitt arbeidd ved MIT. Han har motteke mange prisar, mellom anna American Mathematical Society sin pris for stor teneste for ålmenta i 1992, Steel-prisen for Lifetime Achievement i 2000, National Medal of Science i 1983 og Abelprisen i 2004, saman med Sir Michael Francis Atiyah. Dei fekk prisen for å ha oppdaga og bevist indeksteoremet, som knyt topologi, geometri og matematisk analyse til kvarandre, og den viktige rolla dei har hatt når det gjeld å byggje nye bruer mellom matematikk og teoretisk fysikk. Singer har òg skrive påverknadsrike lærebøker som har vore til inspirasjon for fleire generasjonar av matematikarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]