Isakskatedralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isakskatedralen i St. Petersburg
Interiør frå Isakskatedralen

Isakskatedralen (russisk:Исаа́киевский Собо́р) er eit museum og ei tidlegare kyrkje i St. Petersburg i Russland. Kyrkja var den største i Russland, og er i St. Petersburg. Tårnet ragar 101,5 meter over bakken. Ho vart oppkalla etter den greske helgenen Isak av Dalmatia (også kalla Isak av Konstantinopel). Den heilage Isak levde i siste halvdel av 300-talet og vart fengsla for å ha skulda keisar Valens for arianisme. Tsar Peter den store, grunnleggjaren av St. Petersburg, var fødd på festdagen for Isak, og såg han som vernehelgenen sin.

Isakskatadralen er den fjerde kyrkja i St. Petersburg som har vore vigd til helgenen Isak. Den fyrste Isakskyrkja var ei trekyrkje bygd 1707, og var åstad for Peter den stores bryllaup med den seinare keisarinna Katarina I.

Grunnsteinen til den andre isakskyrkja vart lagt ned i 1717, like ved elva Neva, omtrent der ryttarmonumentet over Peter den store står i dag. Ho vart innvigd i 1727. Kyrkja låg for nær elva, så grunnvatnet tærte på fundamenta. Ho vart råka av lynnedslag i 1735, og skadd av den påfylgjande brannen. Kyrkja vart sett i stand att, men i 1759 var setningsskadane i grunnen så omfattande at kyrkja vart stengt.

År 1762 gav keisarinna Katarina II den italienske arkitekten Antonio Rinaldi i oppdrag å bygge ei ny isakskyrkje. Tomta til denne kyrkja vart lagd lenger bort frå elvebreidda, til staden der den noverande Isakskatedralen står. Bygginga tok lang tid, og i 1796 døydde Katarina II. Sonen, tsar Pavel, hadde ikkje interesse av å bruke masse pengar på å fullføre eit av mora sine prestisjeprosjekt. Han gav ordre om at planane skulle leggjast til side, og katedralen settast i brukbar stand så raskt som mogleg.

Vasilij Surikov:Isakskatedralen med bronseryttaren

Estetisk sett var denne løysinga lite tilfredsstillande, og det vart vedteke å erstatte katedralen med ein ny. I 1818 godkjende Aleksander I planane laga av den franske arkitekten Auguste de Montferrand. Byggeprosessen var krevjande, mellom anna måtte det byggast ei eiga jarnbane for å frakte dei 80 tonn tunge granittsøylene, som vart hogne ut heile.

Sovjetstyret stengde katedralen i 1928 og gjorde han om til museum. Museum er bygningen framleis, men i dag vert halde gudstenester i det eine sidekapellet.

Grunnplan[endre | endre wikiteksten]

План Исаакиевского собора 1 — Vestfasaden
2 — Nordfasaden
3 — Austfasaden
4 — Sørfasaden
5 — Altarrom
6 — Katarina-kapellet
7 — Alksander Nevskij-kapellet
8 — Ikonostasen
9 — Midtporten i ikonostasen
10 — Midtsøyler som kuppelen kviler på

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isak-katedralen