Isbjørnåtaket på Svalbard 5. august 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isbjørnåtaket på Svalbard 5. august 2011

Stad Svalbard i Noreg
Dato 5. august 2011

Isbjørnåtaket på Svalbard i 2011 fann stad 5. august ved Von Post-breenSvalbard. Ein isbjørn tok seg inn i leiren til ei gruppe skuleelevar som var der på tur og drap ein 17-årig brite.

Skuleturen vart organisert av British Schools Exploring Society (BSES) som hadde slått leir i nærleiken av Von Post-breen. Breen ligg om lag 40 kilometer frå Longyearbyen på Svalbard.[1] Sytten år gamle Horatio Chapple frå Wiltshire, som var elev ved Eton, døydde som fylgje av åtaket.[2] Han var med ei gruppe på tretten då isbjørnen tok seg inn i leiren deira. Fire andre vart skadd, tre av desse alvorleg, og alle vart flogne til Tromsø for behandling. To av dei fire skadde var ekspedisjonsleiarar.[1] Isbjørnen vart skoten og drepen av ein av ekspedisjonsleiarane, Michael Reid, som sjølv fekk alvorlege andlet-, hovud- og nakkeskadar. Dei skadde fekk førstehjelp på staden.[3]

Totalt hadde BSES-turen rundt åtti deltakarar. Han starta 23. juli og var planlagt å slutte 28. august, men turen vart avslutta før på grunn av åtaket.[4] BSES er knytt til Royal Geographical Society i London,[5] og vart skipa i 1932 av G. Murray Levick. Han var medlem av ekspedisjonen til Robert Falcon Scott frå 1910 til 1913. Organisasjonen har skipa turar til Svalbard i 40 år utan uhell med isbjørn.[6] Bestefar til Chapple, sir John Lyon Chapple, var tidlegare president i BSES.[7]

Isbjørnen som gjekk til åtak var ein hannbjørn på 250 kg.[8] Undersøkingar av isbjørnen viste at han var svolten og avmagra.[9] Han hadde truleg også tannpine.[8] Åtaket fann elles stad på ei tid då isbjørnar var mykje aktive i området.[2] På denne årstida har dei lite is å jakte frå, og går oftare inn på land.[1]

Leiren som blei angripen hadde snublebluss som skulle skremma vekk ville dyr, men hadde inga nattevakt.[9] Politiundersøkingar fann at arrangørane av ekspedisjonen hadde ei rifle som dei ikkje klarte å avfyre før etter fire forsøk, og ein signalpistol som heller ikkje gjekk av.[9] Det blei ikkje funne feil på verken rifla, patronane eller snubleblussa då dei seinare blei undersøkte av etterforskarar.[8] Snubleblussar hadde blitt testa før bruk.[6]

I september 2011 vart det kunngjort at ein britisk dommar ville leie ei gransking av dødsfallet.[10] I mars 2012 vart saka lagt vekk av sysselmannen fordi ein meinte inga kriminell uaktsemd hadde funne stad. Norske etterforskarar meinte at åtaket kunne ha vorte forhindra dersom ekspedisjonsmedlemmene hadde budd i hytter i staden for telt og nytta vakthundar og utplassert nokon på isbjørnvakt. Leiarar av slike ekspedisjonar vert gjort merksame på at ein bør vakte leiren med avskrekkande eksplosiv, nattevakt eller vakthundar. Sidan ingen av desse ekstra sikkerheitstiltaka er pålagt ved lov, vart det avgjort at ekspedisjonsleiarane ikkje skulle verte rettsforfølgde.[6] Sysselmannen krev ei risikovurdering for alle slike ekspedisjonar for å kunne godkjenna dei.[11]

Isbjørnåtaket følgde eit tidlegare åtak på Nordaustlandet året før, der ein mann som overnatta i telt blei skadd før bjørnen blei skoten. Sist gong ein isbjørn drap eit menneske var i 1995.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]