Isfjord radio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isfjord radio sett frå vest i juli 2005. Foto: K.A. Gallis.

Isfjord radio er ein fjernstyrt norsk radiostasjonSvalbard. Han er plassert heilt ytst i Isfjorden, på Kapp Linné. No er stasjonen automatisert og fjernstyrt frå Bodø radio. Bygga som høyrer til radiostasjonen blir om vintrane nytta til overnatting for turistar. Sommarstid er han for det meste ikkje i bruk, bortsett frå enkelte mastergradskurs i regi av UNIS. Stasjonen vert driven med energi frå eit dieseldrive generator.

Stasjonen blei oppretta i 1933 etter spørsmål frå Sovjetunionen, av di vanskelege is- og vêrforhold stendig skapte problem for skipsfarten til gruvebyane i Isfjorden. Eit sovjetisk skipsforlis var den utslagsgivande faktoren, og ein bemanna radiostasjon med eit fyr var på plass i trettiåra. Da Svalbard blei evakuert i 1941 blei bygga rivne/brente ned. Rett etter at krigen var over blei radiostasjonen gjenoppbygd på same plass som før. I det geofysiske året 1957 58 blei stasjonen utvida med eit nytt hovudbygg og nytt generatorrom.

Etter Svalbard fekk fiberoptisk kabelsamband til fastlandet har Isfjord radio utspelt rolla si som hovudrelestasjon for telekommunikasjonen til og frå Svalbard. Stasjonen er likevel viktig for Telenor blant anna som fjernstyrt kystradiostasjon (frå Bodø Radio) og for flysikringstenesta. Sommaren 2011 vert det sett opp nye master for kringkasting av maritim tryggleiksinformasjon i Arktis (Navtex - NBDP), noko som er et samarbeid mellom Telenor maritim radio, Kystverket og Det norske meteorologiske institutt. Dette anlegget vert fjernstyrt frå Vardø radio. Telenor selde i 2006 bygga til Store Norske Spitsbergen Kulkompani, som leiger dei ut til turistformål. Frå 1. januar 2008 er turistselskapet Basecamp spitsbergen leigetakar.