Isidora Sekulić
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isidora Sekulić (serbisk kyrillisk: Исидора Секулић) (fødd 17. februar 1877, død 5. april 1958) var ein serbisk forfattar, essayist, og kunstkritikar.
Sekulić blei fødd i Mošorin, Bačka, i det som no er den serbiske provinsen Vojvodina. Ho skreiv «Brev fra Norge» (fyrsteutgåve 1914), ei i Serbia velkjend reiseskildring frå Noreg, frå Oslo via Bergen heilt til Finnmark. Norsk omsetjing ved Zorica Mitic og Jostein Sand Nilsen kom i 2009.