Isjim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For byen i sør Russland med same namn, sjå byen Isjim
Isjim
Isjim i Astana, ein populær transportveg om vinteren når ho frys til.
Isjim i Astana, ein populær transportveg om vinteren når ho frys til.
Utspring Det kasakhstanske høglandet
Munning Irtysj
Land i nedslagsfelt Kasakhstan Kasakhstan
Flag of Russia.svg Russland
Lengd 2 450 km
Middelvassføring 56,3 m³/s
Nedslagsfelt 177 000 km²
Renn gjennom Astana

Isjim (russisk Ишим; kasakhisk Есил, Esil) er ei elv som renn gjennom Kasakhstan og Russland med ei lengd på 2 450 km. Ho spring ut frå det nordvestlege hjørnet av Det kasakhstanske høglandet og er ei av sideelvane til Irtysj frå venstre. Isjim er delvis framkommeleg og renn gjennom Astana, hovudstaden i Kasakhstan.

Vidare frå Astana renn elva til Atbasar og ved Derzjavinsk renn ho nordover. Seinare renn ho gjennom Esil, som er kalla opp etter elva, samt Petropavl i nord ved grensa til Russland. Ho held fram inn i sørlege område av Russland og renn her gjennom byen Isjim, som òg er kalla opp etter elva.

I følgje presidenten av Kasakhstan, Nursultan Nazarbajev, vart Astana vald til hovudstad sidan han låg nær elva. Byen er delt inn i to delar. På den høgre sida ligg gamlebyen, medan den nyare bydelen med det nye regjeringskvartalet ligg på venstre sida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isjim

Kjelder[endre | endre wikiteksten]