Isla de Lobos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isla de Lobos[1]) er ei lita øy i Kanariøyane i Spania, berre 2 km nord for øya Fuerteventura. Ho har eit areal på 4,6 km². Øya har vore eit naturreservat utan permanent menneskeleg busetnad sidan 1982. Turistar kan nå øya via ein kort båttur frå Corralejo på Fuerteventura. Øya har nokre fasilitetar og nokre hus for lokale fiskarar. Det lokale fyret vart automatisert i 1968.
I 1405 var Isla de Lobos forsyningsbase då Jean de Béthencourt erobra Fuerteventura.
Innhaldsliste |
Galleri [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Tyder «Ulveøya», men viser til munkeselen som lokalt vart kalla lobo marinero («sjøulv», som i sjøløve). Desse dyra er no utdøydde på Kanariøyane
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lobos Island» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pott, Joachim; Hüppe, Joachim & de la Torre, Wofredo Wildpret (2003): Die Kanarischen Inseln. Natur- und Kulturlandschaften]. Ulmer, Stuttgart.)