Islamsk republikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Islamsk republikk er namnet gitt til fleire statar i den muslimske verda, inkludert Pakistan, Iran, Afghanistan og Mauritania.

Pakistan fekk tittelen i 1956, Mauritania i 1958. Iran tok namnet etter den iranske revolusjonen i 1979, og Afghanistan i 2001, etter at Taliban-regimet var styrta. Landa er trass i det felles namnet svært ulike i styresett og lovgiving.

Termen har kome til å bety fleire ulike ting. Teoretisk betyr det for mange religiøse leiarar ein stat med teokratisk styre, der dei statlege lovene er i samsvar med Sharia (islamsk lov). Men skilnaden på til dømes Iran og Pakistan er stor i praksis.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Islamic Republic, som lesen 27. juni 2009.