Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Ísland

(norsk: Island, islandsk)

Det islandske flagget Det islandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Offisielt namn Lýðveldið Ísland (Republikken Island)
Nasjonalsong «Lofsöngur»
Geografisk plassering av Island
Offisielle språk Islandsk
Hovudstad Reykjavík
Styresett
Republikk
Ólafur Ragnar Grímsson
Sigmundur Davíð Gunnlaugsson
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
103 000 km² (107.)
2,7 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
313 183 (175.)
3 /km² (188.)
Sjølvstende
17. juni 1944
Nasjonaldag 17. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
11 860 mill. USD (138.)
36 700 USD (22.)
Valuta Króna
Tidssone UTC
Telefonkode +354
Toppnivådomene .is


Island, offisielt Republikken Island, er eit øyrike i det nordlege Atlanterhavet mellom Grønland og Storbritannia, nordvest for Færøyane. Island var norsk skattland frå 1263 til 1814, og fekk sjølvstende frå Danmark i 1944.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Island vart kolonisert av norsk-irske og norske utvandrarar i slutten av 800-talet og gjennom 900-talet. Island har eit av dei eldste parlamenta eller nasjonalforsamlingane i verda, Alltinget, som vart danna i 930.

Island var sjølvstendig i meir enn 300 år, men vart frå 1263 underlagt Noreg. Då Noreg gjekk i union med Danmark fylgde Island med, men då Noreg gjekk tapt for Danmark i 1814 vart Island verande dansk. Eit avgrensa sjølvstyre vart innført i 1874, og sjølvstende fylgde i 1918. Den danske kongen var statsoverhovud fram til 1944, då Island vart ein republikk.

Landet blir bygd[endre | endre wikiteksten]

Fyrste gongen Island blir nemnt i skriftlege kjelder er etter den irske munken Dicuil sine nedskrivingar av 825. Diverre var dette ingen generell geografisk skildring av landet. I staden freista munken å kasta ljos over eit par spurningar som tidlegare forfattarar ikkje hadde vore samde om. Den fyrste spurninga gjaldt om eit land langt i nord, kalla Thule, var fullstendig omgjeve av is. Den andre spurninga gjaldt om året i nord berre bestod av éin dag og éi natt, på seks månader kvar. Det kan ikkje vera tvil om at Dicuil meinte Island når han skreiv Thule. Dette veit vi i og med at Grekaren Pytheas, som levde i Massalia (Marseille) på 300-talet f.Kr., må ha sikta til Noreg då han skildra eit Thule som alt var busett. Forteljinga hans Dicuil er viktig fordi ho lèt vita at øya på tidleg 800-tal stort sett var folketom.

Då islendingen Are Frode1130-talet tok til med å skriva historia åt øya og befolkninga, lét han vita at då landnåmsmennene fyrst kom budde det kristne irar på øya, som han kalla "papar"; eit ord som skandinavane hadde laga av eit irsk ord for "prest". Sidan papane ikkje ville bu saman med heidningane, flykta dei.

Are skreiv ei lita bok, Íslendingabok, som på kring tjue sider tek for seg heile den islandske historia ned til hans eiga tid. Ein annan kjelde om den tidlege busettinga av øya er Landnámabók, som er ei langt meir omfattande framstilling. Til å byrja med kan Are ha vore involvert, men boka ligg no føre berre i utvida og seine redaksjonar frå 1200-talet og utover. Landnámabók omhandlar dei om lag 400 personane som tok land på Island. Boka legg ofte ut om kvar desse menneska kom ifrå då dei la i veg til Island, og dessutan om kven som var forfedrane deira.

Moderne historikarar tek jamvel desse kjeldene som regel med ei klype salt. Dette kjem av at sjølv om historia åt islendingane på Ares tid var forholdsvis kort og oversiktleg, kunne særskilde oppfatningar av landnåmet og av gamle eigedomsforhold ha spelt ei viktig rolle for dei seinare islandske hovdingslektene. Desse var i innbyrdes strid på 1100- og 1200-talet. Som ei fylgje av dette kan noko av innhaldet i Landnámabók vera reint oppspinn. Islendingane tykte like eins vel om å framstilla seg sjølve som ætlingar av dei gamle kongane i Norden og andre store hovdingar. Desse sistnemnte opplysningane er rekna til nokre av dei aller minst truverdige i Landnámabók.

Ifylgje Landnámabók skal den fyrste landnåmsmannen ha vore Ingolf Arnesson frå Fjaler i Sunnfjord. Landnåmet hans omfatta eit stort område kring det noverande Reykjavik der det sidan kom til å liggja mange garder. Andre tidlege landnåmsmenn som tok mykje land, var Helge Magre frå Agder, Skallagrim Kveldulvsson frå Fjordane, som var far til Egil Skallagrimsson, og Kjetil Høng frå Namdalen.

Dei fyrste islandske historikarane knytte busettinga av øya til det dei såg på som eit hovudskilje i norsk historie. Are Frode og etterfylgjarane hans understreka at landnåmet på Island fann stad samstundes med at Harald Hårfagre tok til med å leggja under seg Noreg. Dei som hovudsakleg dreiv dette framover skal ha vore hovdingar som ikkje fann seg i det nye kongedømmet, Haralds ofríki ("tyranni").

Are Frode tidfesta landnåmet åt Ingolf Arnesson til 870, og dessutan meinte han at den eigentlege landnåmstida var over i 930. Men funnmaterialet tyder derimot på at landnåmet tok til eit par tiår tidlegare, kring 850. Dei islandske hovdinggravane er òg mykje fattigare enn dei norske frå same periode. Dette tolkast som at det islandske hovdingsjiktet hovudsakleg er vakse fram av bondeklassen, og dessutan at dei litterære kjeldene som regel overdriv statusen åt desse hovdingane før landnåmet.

Fristaten[endre | endre wikiteksten]

I ein viss forstand kan ein seia at Island vart eit eige rike allereie på 900-talet. Men i motsetnad til Norden i rikssamlingstida vart ikkje dette riket skipa gjennom erobring, og det vart heller ikkje bygd på militærmakt. Når islendingane omtala riket sitt, kalla dei det vár lǫg, "vår lov". Med lǫg meinte dei båe "lov" og "lovområde"; like eins som Trøndelag, norrønt Þróndalog, opphavleg tydde lovområdet åt trønderane.

Det var med opprettinga av Alltinget, som nemnt i 930, at dette lovområdet vart etablert.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Midatlanterhavsryggen kryssar Island delvis på to stader
For meir om dette emnet, sjå Islandsk geografi.

Island er den attande største øya i verda og ligg like sør for polarsirkelen, om lag 1000 km vest for Noreg. Øya ligg på den midtatlantiske ryggen der dei eurasiatiske og nord-amerikanske kontinentalplatene glir frå kvarandre. Dette gir geologisk ustabile tilstandar med hyppige jordskjelv og vulkanutbrot. Sjå kartet som viser kor den midtatlantiske ryggen går i gjennom Island, og at de mest aktive vulkanane ligg på denne ryggen. Men den geologiske aktiviteten gir au varme kjelder som islendinaene utnyttar til oppvarming, kraftproduksjon og i turistnæringa. Island har ein aktiv «bassengkultur» i dei mange symjebassenga au utandørs, som er varma frå varme kjelder. Til dømes har Reykjavík sju offentlege bad, av dei er berre eit under tak.

Grovt sett kan Island delast i to: kystområda som er innskorne av fjordar og innlandet som for ein stor del består av fjellområde, lavaørkenar og isbrear. Befolkninga bur stort sett langs kysten, særleg i reykjavíkområdet sørvest på Island. Det går veg rundt heile øya, og det er mogleg å krysse innlandet med terrengbilar på sommaropne fjellvegar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vestmannaeyjar like sørvest for Island er kanskje den mest vindfulle staden i Europa. Vêrstasjonen på denne øya utgjer ein av to stasjonar brukte for å indikere NAO-indeksen.

Klimaet på Island er maritimt, sterkt påverka av den varme Golfstraumen og lågtrykka som nesten alltid passerer nær Island. Lågtrykka gjer Island til ein vindfull og skya stad, og Reykjavík har i snitt over 40 dagar med sterk kuling eller meir. Snittemperaturen i Reykjavík er 11 °C i juli og -1 °C i januar, og er den hovudstaden med lågast middeltemperatur om sommaren (om ein ser bort frå NuukGrønland).

Somrane er litt tørrare enn vintrane, med regn eller regnbyer eit par gonger i veka. Dei vulkanske ørknane nordaust på Island ligg i regnskuggen av dei store breane og får mindre enn halvparten av nedbørsmengda som Reykjavík får. Reykjavík har om lag same årsnedbør som Oslo, 779 mm, men like mange dagar med regn som Bergen, heile 213 dagar.

Ingen stader på Island får særleg varmt vêr, og berre i dei nordaustlege områda er det vanleg med temperaturar over 20 °C om sommaren. Den nordlege kysten har ofte det mildaste vêret på grunn av sørleg vind som gjev ein fønvindeffekt over dei sentrale fjellområda.

Det meste av Island er dekt av snø frå november til april, men periodar med mildvêr og regn kan minke eller fjerne snødekket i sørlege og austlege område i korte periodar. Kraftige vinterstormar kan føre til snøstorm, som gjer det vanskeleg å ferdast utanfor Reykjavik.

Energi[endre | endre wikiteksten]

På Island er 85 % av oppvarminga geotermisk. 12 % er elektrisk og dei siste tre prosentane er oljebasert. 55 % av straumen kjem frå dei geotermiske kraftkjeldene, resten frå kol, vasskraft og olje. Derfor marknadsfører Island seg sjølv som eit av dei landa i verda som nyttar høgast del fornybar energi. Hovudstaden Reykjavík kallar seg «den røykfrie hovudstaden».

Bruken av geotermisk varme på sagaøya har lange tradisjonar. Det blir nemnt i sogene at blant anna Snorre Sturlason hadde ein kunstig dam han bada i kvar morgon. Dammen blei tilført vatn frå ein varm kjelde like ved. Denne dammen er seinare utgravd av arkeologar.

I dag blir det tatt ut energi på to måtar. Det eine er å pumpe det geotermiske vatnet til et reservoar, og derfrå fordele det til bygningar som skal bli varma opp. Det andre er å la vatnet frå høgtemperaturområde (der temperaturen er over 150 grader og vatnet er under trykk) drive dampturbinar som produserer straum.

Islands framtidige mål er å bli verdas fyrste land med eit hydrogensamfunn, der all energi er ei eller anna form av hydrogen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Parlamentet på Island, Alltinget, har 63 medlemer, som vert valde for fireårsperiodar. Regjeringsleiar er statsministeren, som saman med regjeringa har regjeringsmakta. Statsministeren vert utnemnd av presidenten. Presidenten er statsoverhovud og vert vald kvart fjerde år.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den islandske økonomien er nært knytt til fiskeindustrien som står for over 60 % av eksportinntektene. Såleis er økonomien var for fall i fiskeprisane og fall i fiskebestanden. Omsynet til fiskeressursane er òg hovudårsak til at Island er imot medlemskap i EU.

Med billeg elektrisk kraft lokkar Island til seg utanlandske investorar som vil drive tungindistri. Det gjeld bl.a. produksjon av aluminium og jarnsilicium som er vortne viktige eksportprodukt. I løpet av dei siste tiåra har i tillegg sørvisnæringar og turisme fått meir å seie for økonomien.

Islandske finansinsitusjonar har på 2000-talet hatt sterk vekst, og gjort omfattande investeringar i utlandet. Den store veksten har på same tid gjort finanssektoren sårbar for internasjonale svingingar i økonomien. Under den internasjonale finanskrisa i 2008 fekk islandske bankar som Glitnir, Landsbanki og Kaupthing så store problem med likviditeten at dei ikkje var i stand til å stå på eigne bein, og vart overtekne av den islandske staten.

Fylke[endre | endre wikiteksten]

Island er delt inn i 23 fylke (sýslur, eintal sýsla):

I tillegg til fylka er det 14 byar eller kaupstaðir:

CIA Factbook map of Iceland.png

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Vinterbilete frå NASA-satellitten Aqua 28. januar 2004

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Island