Island Girl
| Island Girl Singel av Elton John frå albumet Rock of the Westies |
||
| B-side | «Sugar on the Floor» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 29. september 1975 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:42 (singel) | |
| Selskap | MCA (US/Canada) DJM Records |
|
| Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
| Produsent | Gus Dudgeon | |
| Elton John-kronologi | ||
| «Someone Saved My Life Tonight» (1975) |
Island Girl | «Grow Some Funk of Your Own»/«I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)» (1976) |
«Island Girl» er ein song av Elton John på albumet Rock of the Westies frå 1975. Songen vart gjeven ut som singel og nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 i USA og 14. plass i Storbritannia i 1975. Singelen selde til gullplate same året og platina i 1995.[1] Det var den første singelen frå albumet.
Teksten handlar om ein prostituert i New York City og ein mann som ønskjer å ta den prostituerte med seg tilbake til Jamaica. Jenta i «Island Girl» er openbart ein mannleg prostituert sidan John syng «She's a big girl/she's standin' six-foot-three/turning tricks for the dudes in the big city». På denne tida var det ikkje kjend offentleg at Elton John var homofil. Året etter sa han i Rolling Stone at han var biseksuell og i 1988 stadfesta han at han var homofil, då han offentleg annonserte eit forhold til ein annan mann.
B-sida til singelen var «Sugar on the Floor», som var skriven av Kiki Dee, som sidan song fleire duettar med Elton John, mest kjend året etter på singelen -«Don't Go Breaking My Heart».
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Island Girl» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Weekly Billboard Hot 100 No. 1 Songs from the First 50 Years", Billboard.com. 2008.