Island Macaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Island Macaskin
Lokalt namn: Eilean MhicAsgain
Geografi
Island Macaskin is located in
Island Macaskin ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°8′ N 5°34′ WKoordinatar: 56°8′ N 5°34′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 0,5 km²
Høgaste punkt 65 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Demografi
Folketal 0

Island Macaskin eller MacAskin (skotsk-gælisk Eilean MhicAsgain) er ei øy i Loch Craignish i Indre Hebridane i Skottland.

Øya var tidlegare busett, og i motsetnad til mange av dei skotske øyane har ho ein god del skog. Det ser ut til at øya vart heilt fråflytta i 1880-åra. I dag finst det enkelte murar, ein saueinnhegning og kalkomn på øya.[1]

Det veks mykje villblomar på øya, men ikkje så mange som på den nærliggande Eilean Rìgh.

Austsida av Island Macaskin

Øya er lang og smal, frå sørvest til nordaust, og går parallelt til kysten på fastlandet. Ho består hovudsakleg av ein rygg der vestsida er høgare enn austsida. Det høgaste punktet på øya er 65 meter over havet. Fleire skjer strekkjer seg sørover frå øya og ut i Sound of Jura.[2]

Grunnfjellet på øya er metamorf apidioritt med noko kvarts sør på øya.[1]

Det ligg fleire mindre øyar kring Island Macaskin, som Eilean nan Gabhar, Eilean nan Coinean, Garbh Rèisa, Rèisa an t-Sruith, Rèisa MhicPhàidein og Eilean na Cille.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 56-58. ISBN 1841954543.
  2. «Overview of Island Macaskin». Gazetteer for Scotland. http://www.geo.ed.ac.uk/scotgaz/features/featurefirst8472.html. Henta 15. februar 2010.