Island Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Island Records er eit plateselskap som blei grunnlagd på Jamaica i 1959 av Chris Blackwell.

Den første suksessen hadde selskapet med singelen «Boogie In My Bones» med Laurel Aitken, den låg 11 uker på 1. plass i Jamaica. I 1962 blei selskapet flytta til London, i Storbritannia levde det på denne tida ein stor mengde jamaikanske innvandrarar. Kjende artistar frå denne tida er Jimmy Cliff og Millie Small som hadde ein stor hit med «My Boy Lollipop».

I 1967 bestemde Blackwell seg for å utvide den musikalske paletten med britisk rock. Opphavleg skulle selskapet fokusere på reggae, men artiststallen blei no utvida og blei eit av dei viktigaste selskapa på 1970- og 80-talet som kunne setje sin logo på album frå Bob Marley til U2. Dei første som blei teken under kontrakt var Spooky Tooth og Stevie Winwood, seinare òg mellom anna King Crimson, Jethro Tull, Emerson, Lake and Palmer og Free.

I 1989 blei selskapet kjøpt opp av PolyGram.