Islands of Fleet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Islands of Fleet er ei gruppe småøyar i Galloway i Skottland. Dei ligg i Fleet Bay, som er ein del av Wigtown Bay, som igjen er ein del av Solway Firth i Irskesjøen. Det er tre hovudøyar:

  • Murray's Isles, eigd av National Trust for Scotland, med den vesle klippa Horse Mark utanfor.
  • Ardwall Isle (Ard Bhaile - høg by), som har ein varde og ruinar av eit kapell. Klippa Old Man of Fleet ligg utanfor.
  • Barlocco Island, med klippene Three Brethren utanfor.

Koordinatar: 54°48′N 4°13′W

Kjelder[endre | endre wikiteksten]