Islas Gimnesias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islas Gimnesias (mørkegrått).

Islas Gimnesias (katalansk Illes Gimnèsies) er dei to største og austlegaste øyane i Balearane i Spania, Mallorca og Menorca. Dei andre store øyane i Balearane er Islas Pitiüses (Ibiza og Formentera).

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ordet Gimnesias (frå gresk γυμνήτες gymnetes) tyder «naken». Dei gamle grekarane leigde dei lokale innbyggjarane på desse øyane, talayotane, som slyngarar.

Seinare kalla fønikiarane både Mallorca og Menorca for Baliarides. Etter at heile øygruppa kom under Romarriket fekk heile øygruppa namnet insulae baliares eller Baleares insulae, og dette namnet har halde ved til moderne tider.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°48′46″N 3°34′34″E