Islay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om øya i Hebridane. For øya i Antarktis, sjå Islay i Antarktis.
Islay
Lokalt namn: Ìle 
Islay sett frå Portaskaig
Islay sett frå Portaskaig
Geografi
Islay is located in
Islay ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 55°46′0″ N 6°9′0″ WKoordinatar: 55°46′0″ N 6°9′0″ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 619,56 km²
Høgaste punkt Beinn Bheigier (491 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Port Ellen
Demografi
Folketal 3457 (2001)
Folketettleik 5,5 /km²

Islay (skotsk-gælisk Ìle, frå norrønt Juley) er ei øy utanfor Skottland, kjend som «Dronninga av Hebridane» (Banrìgh nan Eilean).[1]. Ho er den sørlegaste av øyane i Indre Hebridane og ligg i Argyll like vest for Jura og rundt 40 km nord for kysten av Irland og Rathlin Island, som ein kan sjå på klåre dagar. På gælisk vert ein innbyggjar frå Islay kalla Ìleach (fleirtal Ìlich). Om lag ein tredjedel av innbyggjarane talar skotsk-gælisk.[2] Hovudstaden på øya er Bowmore, som er kjend for destilleriet og den runde Kilarrow soknekyrkje. Port Ellen er den største busetnaden.

Islay er den femte største øya i Skottland[3] og den sjette største øya i Storbritannia. Ho har eit areal på 620 kvadratkilometer og litt over 3000 innbyggjarar. Den største industrien er malt whisky-destillering og turisme.

Det finst mange fugleartar på øya og ho er ein populær destinasjon for fuglekikkarar året rundt. I februar er det mogeleg å sjå store koloniar av kvitkinngås. Andre fuglar er alpekråke, myrhauk, havørn, tjeld, skarv og mange vadefuglar.

Klimaet på Islay er ofte mildare enn på det skotske fastlandet på grunn av Golfstraumen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske monumentet The Oa

Dei tidlegare busetjarane på Islay var jaktarar og samlarar som kom her i mellomsteinalderen. I 1993 vart det funne pilspissar av flint nær Bridgend datert til kring 10 800 f.Kr. Det eldste funnet etter menneske i Skottland.[4]

Den nedskrivne historia starta med eit dokument knytt til St. Columba[5] som truleg reiste over Islay på veg til Iona, der han grunnla eit kloster på 500-talet. På denne tida låg Islay i Kongedømet Dál Riata og vart styrt av Cenél nÓengusa.

Frå 1300- til 1500-talet vart det meste av vestkysten av styrt av Lord of the Isles frå Finlaggan på Islay. Eit eigedomsdokument gjeve til ein innbyggjar på Islay av Domhnall av Islay i 1408 er eit av dei tidlegaste dokumenta der gælisk er brukt offentleg.[6] Opphavet til herredømet går tilbake til då nordmennene vart slått av Somerled utanfor kysten av Islay i 1156.

På Islay stod ein innviingsstein med innskjerte fotavtrykk. Når ein høvding frå Donald-klanen vart innsett som «Konge av øyane», stod han berrføtt i fotavtrykka på steinen med steinen til faren i handa, og vart salva til konge av biskopen av Argyll og sju prestar. Steinblokka vart øydelagd med vilje tidleg på 1600-talet.[7]

I 1830-åra starta folketalet på øya å falle frå 15 000 som følgje av Highland clearances. I dag har øya berre kring 3000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane flytta til Ontario i Canada, Sør- og Nord-Carolina i USA og Australia.

Under den andre verdskrigen bygde RAF ein flyplass ved Glenegedale, som seinare vart ein sivil flyplass for Islay.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart

Dei fleste innbyggjarane på øya bur i landsbyane Bowmore, Port Ellen og Port Charlotte. Andre mindre landsbyar er Portnahaven, Bridgend, Ballygrant og Port Askaig. Resten av øya er tynt folkesett og hovudsakleg jordbruksland.

Sørvest på øya ligg eit stort klippeområde kalla The Oa. Den nordvestlege armen av øya heiter Rhinns of Islay. Det ligg fleire små vatn på øya, mellom anna Loch Finlaggan, Loch Ballygrant, Loch Lossit og Loch Gorm. Den ujamne kysten har mange bukter og fjordar, som Loch Gruinart, Loch Indaal, Loch an t-Sailein, Aros Bay og Claggain Bay.

Den høgaste toppen på Islay er Beinn Bheigier på 491 meter over havet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øya vert påverka av Golfstraumen og har eit mildt klima samanlikna med det skotske fastlandet. Snø er sjeldan og frostperiodane er berre kortvarige. Det er derfor mange hagar på øya og eksotiske planter er ikkje uvanleg. Vinterstormane frå Atlanteren råkar stundom øya, og dette kjan gjere transport til og frå øya vanskeleg om vinteren.

Mal:Infoboks vêr

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Islay

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Islay» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Jupp, Clifford (1994). The History of Islay: From earliest times to 1848. Port Charlotte: Museum of Islay Life. ASIN B0000COS6B. 
    • Storrie, Margaret (1997). Islay: Biography of an Island (New Ed edition ed.). Colonsay: House of Lochar. ISBN 0907651038. 
  1. Islay, Queen of the Hebrides. [video]. Scotland on TV. 
  2. "Boost for Islay Gaelic centre" (11. september 2001) Scottish Executive.
  3. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  4. Moffat, Alistair (2005) Before Scotland: The Story of Scotland Before History. London. Thames & Hudson. s. 42.
  5. «Finlaggan Trust». http://www.finlaggan.com/. Henta 15. februar 2010. 
  6. David Ross (10. mai 2007), Gaelic documents may return north, http://www.theherald.co.uk/news/news/display.var.1387482.0.0.php, henta 15. februar 2010 
  7. Bord, Janet & Colin (1976). The Secret Country. London: Paul Elek. ISBN 0-236-40048-7; s. 66-67