Isle of Dogs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 51°29′31″N 0°0′58″W

Canary Wharf sett frå Mudchute stasjon
Isle of Dogs 1899
Isle of Dogs sentralt i bildet.

Isle of Dogs er ei lågtliggande, u-forma halvøy som blir danna av ein av slyngene i Themsen i det austlege London. Heile Isle of Dogs ligg i bydelen Tower Hamlets.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Halvøya var eit tynt folkesett sumpland inntil det 1200-talet, då det føregjekk ein del drenering og oppdyrking. På 1300-talet vart det reist eit kapell nær dagens Chapel House Street. Kapellet tente truleg pilegrimar på veg mellom Canterbury og Waltham Abbey. Ein katastrofe inntrefte då Themsen under ein flaum i 1488 oversumde halvøya, som dermed for lange tider vart liggjande udyrka. I mellomalderen gjekk halvøya under namnet Stebunhethe (Stepney) Marsh. Kvifor han frå slutten av 1500-talet vart heitande Isle of Dogs, er ikkje klårt. Både Isle of Ducks, Isle of Dykes (på grunn av dike mot Themsen) og Isle of Docks har vore foreslått som forklaring. Ein anna forklaring er at Henrik VIII - som hadde eit slott på andre sida av Themsen i Greenwich - hadde hundane sine her.

På 1600-talet vart Isle of Dogs på nytt teke i bruk til jordbruksformål, då hollandske nybyggjarar anla dike, drenerte og byrja med storfehald. Likevel hadde området berre to innbyggjarar - ferjemannen og kvegdrivaren - då dei første dokkene vart anlagt tidleg på 1800-talet. West India Docks opna i 1802, så følgde East India Docks i 1806 og Millwall Dock i 1868. Etter kvart strekte dokkene seg nesten tvers over halvøya og etterlét den sørlegaste delen praktisk talt som ei øy.

Mange hamnearbeidarar busette seg i løpet av 1800-talet på Isle of Dogs, og i 1901 var folketalet kome opp i 21 000. I 1840 opna London and Blackwall Railway og knytte det tidlegare isolerte samfunnet til London. Sambandet med bydelane på andre sida av elva vart kraftig forbetra ved gangtunnelen til Greenwich i 1902.

Hamneanlegga og lagerhusa fekk snart følgje av industriar av mange slag; Isle of Dogs trekte til seg pottemakeri, sementfabrikker, jernverk og støyperi, skipsverft og entreprenørfirma, og var omkring 1900 blant dei mest industrialiserte delane av London.

Side om side med fabrikkane og verkstadene levde arbeidsfolk i fuktige, hus ein knapt kunne bu i med myrjorda tytande opp mellom golvsborda. Befolkninga på Isle of Dogs var kjent som eit sterkt og uregjerleg folkeferd med ein generell skepsis til utanforståande, og i 1920 stengte ei gruppe busetjarar dei to vegane som batt halvøya med Poplar og erklærde sjølvstende for Isle of Dogs.

Under andre verdskrigen var dokkene og industrien på Isle of Dogs eit hovudmål for Luftwaffe, mange sivile vart drepne og det meste av lagerhusa og dokkene sett ut av drift for lang tid. Etter krigen vart dokkene gradvis reparert, følgt av ein større oppgradering i 1967. På det tidspunktet var likevel utviklinga i ferd med å gå frå Isle of Dogs. Dokkene var ikkje førebudd på overgangen til kontainertransport, og utover på 70-talet vart dei meir og meir utidsmessige. I 1980 stengte dei siste dokkene, og ein frå før fattig folkesetnad vart etterlate i endå større trøystesløyse. Lokalsamfunnet sette med ein spektakulær aksjon søkelyset på problema til området. 3. mars 1970 erklærde dei Isle of Dogs som sjølvstendig republikk med sin eigen valde president.

Skiftande regjeringar lanserte utover på 1970-talet planar for ei fornying av området, men lokale styresmakter hadde problem med å einast om utviklinga. Først i 1981, då Margaret Thatcher gav London Docklands Development Corporation fullmakter til å overstyre lokale styresmakter, byrja ting å skje. Det vart klargjort grunn for ny bustadbygging og nye næringsbygg, og det vart gjort utbetringar i infrastrukturen, først og fremst ved bygginga av Docklands Light Railway og seinare ved forlenginga av Jubilee-linja.

Mest gjennomgripande har utviklinga vore i det området som i dag kallast Canary Wharf, og som omfattar East og West India Docks. Her vart det i perioden 1987 til 1991 bygd til saman nesten ein halv million kvadratmeter kontor- og kjøpesenterareal, det meste som høghus. I dag arbeider 78 000 menneske på Canary Wharf, og Canary Wharf har forandra Londons skyline for alltid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]