Isle of Man-pund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Isle of Man-pund er berre i vanleg bruk på Isle of Man og har same verdi som eit britisk pund. På Isle of Man er Isle of Man-pundet og britisk pund tvungent betalingsmiddel. Isle of Man-pund er ikkje å rekna som ein eigen valuta, men som ein lokal versjon av britisk pund. Derfor har Isle of Man-pund ikkje ei eiga kode under ISO 4217. Dersom det er trong til ei kortform blir oftast IMP brukt.

Britisk pund blir akseptert og er tvungent betalingsmiddel på Isle of Man, men det motsette er ikkje vanleg sjølv om det ikkje er noko juridisk grund til at IMP ikkje skulle bli akseptert i resten av Storbritannia. IMP er ikkje tvungent betalingsmiddel i Storbritannia. Ein del IMP-mynter finst i andre delar av Storbritannia fordi dei er like i vekt og storleik som britiske pund og kan derfor nyttast i myntautomatar.

IMP blir utstedt direkte av styresmaktene på øya, Isle of Man har ikkje ein sentralbank. Dei første IMP myntane vart utgjevne i 1668 av av kjøpmann i Douglas.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.