Isle of May

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isle of May
Lokalt namn: Eilean Mhàigh
Geografi
Isle of May is located in
Isle of May ()
Stad Firth of Forth
Koordinatar 56°11′ N 2°33′ WKoordinatar: 56°11′ N 2°33′ W
Øygruppe Øyane i Firth of Forth
Areal 0,45 km²
Lengd 1,8 km
Breidd 0,5 km
Høgaste punkt 50 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Fife
Demografi
Folketal 0

Isle of May er ei øy nord i den ytre delen av Firth of Forth, om lag 8 km utanfor kysten av Skottland. Ho er berre 1,8 km lang og mindre enn 500 meter brei. Øya er eigd og styrt av Scottish Natural Heritage som eit nasjonalt naturreservat.

Dei fleste som vitjar øyar er dagsreisande som tar båten frå Anstruther i Fife. Opp til seks personar kan overnatte i observatoriet.[1] Øya er lukka for publikum frå 1. oktober til 1. mai for å ikkje uroe dei mange selungane som vert fødde her. Scottish Seabird Centre i North Berwick har tre overvakingskamera på øya, som kan styrast frå Seabird Centre av dei vitjande. Av fuglar som er å sjå om våren og sommaren er lundefugl, teist, alke, toppskarv, skarv og terne, samt dei mjuke gråselungane om vinteren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Isle of May sett frå nord
Det ubrukte Low Light fyr på Isle of May, i dag nytta som fugleobservatorium

Ei av dei første kristne kyrkjene i Skottland stod på denne øya, bygd på 800-talet. Ho vart bygd inn i ein langt eldre gravhaug frå bronsealderen. Det noverande kapellet på staden vart tileigna St. Adrian av May, som vart drepen på øya av danskane i 875. Den opphavlege kyrkja vart utvida på 1100-talet av David I av Skottland, verna av Reading Abbey som vart grunnlagd av svogeren hans Henrik I av England. Munkane avtalte å halde ni prestar på øya for å be for dei skotske kongane.

Relikviane etter St. Ethernan, som døydde der rundt 669, låg visstnok på øya, og ho vart derfor ein populær pilegrimsstad seinare i mellomalderen.

Det såkalla slaget ved May Island fann stad i nærleiken den 31. januar 1918. Dette var ikkje eit eigentleg slag, men fleire krigsskip frå Royal Navy som kolliderte med kvarandre. To ubåtar sokk, fire andre skip vart skadde og mange menneske mista livet.

Sidan 1956 har øya vore eit nasjonalt naturreservat[2] og det vart drifta av Nature Conservancy Council, i dag Scottish Natural Heritage.

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Isle of May ligg utanfor Crail

Eit kolfyrt fyrtårn vart bygd her i 1635[3] (eller 1636[4]) av James Maxwell frå Innerwick og John og Alexander Cunningham. Fyrlykta var den første som var permanent bemanna i Skottland og på denne tida rekna som den beste som fanst. Det vart nytta rundt 400 tonn kol kvart år og tre menn måtte til for å halde det i drift.

Ein av dei tre fyrvaktarane, kona hans og fem av seks born vart kvelte av røyken frå fyrlykta i januar 1791. Fyret var stundom vanskeleg å oppdage og eit skip som var kapra frå franskmennene forliste nær Dunbar i 1810 fordi sjømennene trudde ein kalkomn på land var fyrlykta.

Fyret til Robert Stevenson på Isle of May.

Northern Lighthouse Board kjøpte øya i 1814 frå hertugen og hertuginna av Portland for 60 000 pund. Fyret var på denne tida det siste private fyret i Skottland. Det vart bygd eit nytt fyr på øya i 1816 av Robert Stevenson. Det kom i drift same år og er i dag eit verna byggverk, bygd i gotisk stil.

Det vart oppgradert i september 1836 med nye linser, og fleire utbetringar vart gjort i 1885–1886.

Eit anna lite fyrhus, Low Light vart bygd nokre hundre meter frå hovudfyret i 1843 for å danna eit lyspar, slik at skipa til havs kunne skjelne dei forskjellige fyra frå kvarandre. Det kom i bruk i april 1844, men er ikkje i bruk lenger. Bygningen vert i dag nytta som fugleobservatorium.

Fyret vart heilt automatisert i 1989. Det moderne fyret har to kvite blink kvart 15. sekund med ei rekkevidde på 22 nautiske mil. Fyret hadde tidlegare ein tåkelur, men denne kom ut av drift i 1989.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]