Isle of Mull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isle of Mull
Lokalt namn: Muile 
Dun da Ghaoithe på Isle of Mull frå Loch Feochan
Dun da Ghaoithe på Isle of Mull frå Loch Feochan
Geografi
Isle of Mull is located in
Isle of Mull ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°27′ N 6°0′ WKoordinatar: 56°27′ N 6°0′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 875,35 km²
Høgaste punkt Ben More (966 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Tobermory
Demografi
Folketal 2667 (2001)
Folketettleik 3,0 /km²

Isle of Mull eller berre Mull (skotsk-gælisk Muile) er den nest største øya i Indre Hebridane på vestkysten av Skottland i Argyll amd Bute.

Med eit areal på 875,35 km² er Mull den fjerde største øya i Skottland og den fjerde største av øyane som ligg rundt Storbritannia. I 2001 hadde øya 2667 innbyggjarar, men om sommaren kjem det mange turistar her. Dei fleste innbyggjarane bur i Tobermory.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mull har vore busett sidan kort tid etter den siste istida for rundt 6000 f.Kr. I bronsealderen vart det bygd bautasteinar, broch og ein steinsirkel, samt mange gravrøyser, steingraver, ståande steinar, keramikk og knivblad.

I jernalderen mellom 600 f.Kr. og 400 e.kr. vart det bygd festningar og gardsbruk. Dei første kristne kom her på 500-talet og i 563 trur ein at kristendom kom til det britiske fastlandet med St. Columba, då han reiste frå Irland og grunnla eit kloster på øya Ioan, like sørvest for Mull.

På 1300-talet vart Mull ein del av Lord of the Isles. Etter at herredømet kollapsa i 1493 tok MacLean-klanen over øya og i 1681 gjekk ho til Campbell-klanen.

I 1588 låg eit av skipa i den spanske armadaen, «Florenica», i Tobermory Bay og vart søkkt der, visst nok med £300 000 med gullbarrar om bord. I 1773 vart øya vitja av Samuel Johnson og James Boswell under den kjende reisa deira til Hebridane.

Under Highland clearances på 1700- og 1800-talet fall folketalet frå 10 000 til mindre enn 4000.

Mull har fleire historiske byggverk som Duart Castle og Torosay Castle, som begge er opne for publikum frå påske til september. Mausoleet til Lachlan Macquarie, guvernør i New South Wales frå 1809 til 1822, ligg i landsbyen Gruline på øya.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ein vidaregåande skule på øya og fleire grunnskular. Elevar heilt sørvest på øya (frå Bunessan til Fionnphort) går på Oban High School og på Oban. Resten av øya går på Tobermory High School.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Isle of Mull.

Mull har ei 480 km lang kystlinje og klimaet vert påverka av Golfstraumen. Det indre av øya er dominert av fjell og den høgaste fjelltoppen er Ben More på 966 meter over havet. Fleire halvøyar, som hovudsakleg består av lyngheier, går ut i alle retningar frå midten av øya.

På Aroshalvøya i nord ligg hovudbyen Tobermory, som var ein burgh fram til 1973 då dette systemet vart nedlagd. Andre landsbyar er Salen og Calgary. Ross of Mull ligg i sørvest med landsbyane Bunessan, Pennyghael, Uisken og Fionnphort. Lochbuie, Lochdon og Craignure ligg i aust.

Fleire andre øyar ligg utanfor vestsida av Mull, mellom anna Erraid, Inch Kenneth, Iona og Ulva. Mindre folketomme øyar er Eorsa, Gometra, Little Colonsay, Treshnish Isles og Staffa med of Fingal's Cave. Calve Island er ei busetnadslaus øy i Tobermory Bay. To skjer med fyr ligg sørvest for Mull, Dubh Artach og Skerryvore. Torran Rocks er ei stor grunne med skjer og holmar, som dekkjer om lag 39 km². Desse ligg 3 km sørvest for Mull, mellom halvøya Ross of Mull og Dubh Artach. Frank Lockwood's Island nær Lochbuie er kalla opp etter svogeren til den 21. MacLean of Lochbuie, som var riksadvokat frå 1894-5.[1]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Tobermory med sju hundre innbyggjarar, den største busetnaden på Mull..

Mull har ferjesamband til fastlandet mellom Oban og Craignure (om lag 45 minutt), frå Kilchoan til Tobermory og Lochaline til Fishnish (om lag 15 minutt).

Det går båt frå Fionnphort på Mull til naboøya Iona og frå Oskamull til Ulva.

Isle of Mull Railway går frå Craignure til Torosay Castle.

Det er mogeleg å ta fly til Mull til ein privat liten flyplass nær Salen.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isle of Mull

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Isle of Mull» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Baird, Bob (1995) Shipwrecks of the West of Scotland. Glasgow. Nekton Books. ISBN 1-897995-02-4
    • Currie, Jo. (2001) Mull: The Island and Its People. Birlinn Ltd.
    • Jermy, A.C. og Crabbe, J.A. (Ed) (1978) The Island of Mull a Survey of its Flora and Environment. London. British Museum (Natural History).
    • Mull Theatre
  1. Baird (1995) s. 142
  2. "Transport Links" The Glen Forsa Hotel.