Isle of Purbeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Isle of Purbeck er ikkje ei øy men ei halvøy i grevskapet Dorset i England. Ho grensar til Den engelske kanalen i sør og aust, der bratte klipper fell ned i sjøen, og av myrlendt landskap ved River Frome og Poole Harbour i nord. Vestgrensa er vanskelegare å definere. Det sørlegaste punktet er St Aldhelm's eller St Alban's Head. Det er erosjonsproblem langs kysten.

Heile Isle of Purbeck ligg innanfor det lokale distriktet Purbeck, som ho er kalla opp etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isle of Purbeck

Koordinatar: 50°38′15″N 2°3′28″W