Isle of Sheppey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 51°23′28″ N 0°49′52″ E

Utsyn mot Minster frå Elmley Marshes

Isle of Sheppey er ei øy utanfor nordkysten av Kent i England i Themsenestuaret, om lag 61 km aust for sentrum av London. Ho har eit areal på 93 km² og er ein del av distriktet Swale. Sheppey kjem av det gamle saksiske Sceapige, som tyder «Saueøya», og sjølv i dag beiter store saueflokkar her.

Landmassen som vert kalla Sheppey består av tre hovudøyar: Sheppey, Isle of Harty og Isle of Elmley (dei vart ein gong kalla Isles of Sheppey (Sheppeyøyane) før kanalane som skilde dei mudra til. Det myrlendte landskapet sør på øya gjer at fleire kanalar og avløp dannar mange små øyar. Øya er låg, men ved Minster er høgda 73 meter.

Mellom Sheppey og fastlandet ligg kanalen The Swale. Som med Wantsum Channel mellom Isle of Thanet og fastlandet i aust og Yantlet Creek ved Isle of Grain, vart dei i eldre tider ein del av skipsrutene inn til hamnene i Chatham og London.

The Kingsferry Bridge

Under regjeringstida til Edvard I vart det bygd ei bru mellom Sheppey og fastlandet ved Elmley. Ho heitte Tremsethg Bridge, men gjekk tapt i ei tidvassbølgje og aldri erstatta. I nyare tid vart Kingsferry Bridge bygd. Det har vore i alt fire bruer over The Swale frå øya.

Dagens Sheppey[endre | endre wikiteksten]

Den største byen på øya er Sheerness. Andre landsbyer er Minster som har ei grusstrand, og Leysdown-on-Sea som har sandstrand. Heile nordkysten er spekka med husvogner, campingvogner og feriehus. Det er òg ei strand for naturistar bortanfor Leysdown, mot Shellness. Det er eit fuglereservat ved Elmley Marshes.

Det er tre fengsel på øya, alle ligg sør for landsbyen Eastchurch: HMP Elmley, HMP Standford Hill, og HMP Swaleside. Totalt er det rundt 2200 innsette her.

I 2001 hadde øya 37 852 innbyggjarar og mange pendlar til fastlandet med jernbanen Sheerness-Sittingbourne og den nye brua Sheppey Crossing.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]