Ismåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ismåse

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: VU Sårbar[1]

Ismåse, Pagophila eburnea Foto: Will Sweet
Ismåse, Pagophila eburnea
Foto: Will Sweet

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Pagophila
Art: P. eburnea
Vitskapleg namn
Pagophila eburnea
Ismåse, ismåke
Namn på andre språk
Nordsamisk Ábirievssat
Svensk Ismås
Dansk Ismåge
Engelsk Ivory Gull
Tysk Elfenbeinmöwe
Fransk Mouette blanche, Mouette ivoire, Goéland sénateur
Spansk Gaviota marfil
Russisk Belaja tsjajka (Белая чайка)

Ismåse (Pagophila eburnea) er ein liten måse, han er einaste arten i slekta si. Han har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i kanadisk Arktis, Nord-Grønland og på arktiske øyar som Spitsbergen, Frans Josefs land, Novaja Semlja og Severnaja Zemlja.[2] Dei trekkjer sør om hausten berre over korte avstandar, det meste av populasjonen overvintrar på kanten av pakkisen, men nokre fuglar kan nå meir tempererte område. Streiffuglar kan kome så langt sør som til Danmark og Storbritannia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er lett å identifisere. Han er ca. 43 cm, har ei anna, meir dueaktig kroppsform enn Larus-måsar, men vaksne har heilt kvit fjørdrakt, manglar den grå oversida som måsar flest har. Det tjukke nebbet er blått med en gul spiss, og beina er svarte. Skriket er eit terneliknande kriæ. Ungfuglar har mørke flekker i ansiktet, varierande mengder svarte flekker på venger og hale. Det tar to år å oppnå fullvaksen fjørdrakt.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Ismåse legg eit til tre olivenfarga egg i eit reir på bakken fora med mose, lav eller tang. Dei tar fisk og krepsdyr, smågnagarar, egg og fugleungar, men er også opportunistiske åtseletar. Ismåsane er kjente for å følgje etter isbjørn og andre rovdyr for å beite på restane av byttedyra deira.

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1985 til 2005 blei det observert ein reduksjon på 80 % blant hekkande fuglar i Canada. Bestanden har truleg også gått ned i Russland og på Svalbard. Ein reknar med at den norske bestanden er på 400-1500 maks individ. Ismåsen kan trugast av miljøgifter, klimaendringar som gjev mindre isdekke, og petroleumsaktivitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rødlistedatabasen (Svalbard) (vitja 15. oktober 2011)
  2. Harrison, P. (1983) Seabirds: An Identification Guide – Croom Helm Ltd, Aukland. ISBN 0-7099-1207-2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]