Isolde Kostner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isolde Kostner


Statsborgarskap Italia
Fødd 20. mars 1975 (49 år)
Bolzano
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1998, Alpint under Vinter-OL 1994 – Utfor kvinner, alpine skiing at the 2002 Winter Olympics – women's downhill, Alpint under Vinter-OL 1994 – Super-G kvinner

Utmerkingar

offiser av Republikken Italias fortjenstorden

Isolde Kostner (fødd 20. mars 1975) er ein italiensk tidlegare skirennar frå Bolzano som vann gullmedaljane i super-G i alpin-VM både i 1996 og 1997. I alt vann ho seks OL- og VM-medaljar i tida 1994-2002. Ho vann FIS-pokalen som den beste kvinnelege utforrennaren både i 2001 og 2002.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kostner var allereie frå unge år ein utprega såkalla fartsutøvar. Frå ho vann sin fyrste verdscupsiger i slutten av januar 1994, gjekk det ti år og to dagar til ho vann sin 15. og siste. Tolv av rennsigrane kom i utfor, tre i super-G. Ho kleiv på pallen etter 50 renn i verdscupen.

Kostner sanka sine fyrste OL-medaljar under vinterleikaneLillehammer i 1994. Ho vann då bronsemedaljar både i utfor og i super-G. To år seinare vart ho verdsmeister i super-G då VM i alpine greiner 1996 vart arrangert i spanske Sierra Nevada. Året etter forsvarte ho VM-tittelen under alpin-VM 1997 i Sestriere. Korkje under Vinter-OL 1998 i Nagano eller i VM i alpine greiner 1999 i Vail lukkast ho blande seg inn i medaljestrid.

Både i 2001 og 2002 vann Kostner FIS-pokalen som prova at ho var verdas beste kvinnelege utforrennar. Begge desse sesongane kapra ho ein sølvmedalje i dei store meisterskapane. I 2001 vart ho nummer to i super-G ved VM i alpine greiner 2001 i St. Anton, fem hundredels skund bakom vinnaren, franske Régine Cavagnoud. Også under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City måtte Kostner sjå ei fransk kvinne øvst på sigerspallen, Carole Montillet vart olympisk meister i utfor med klar margin til Kostner på sølvplass.

Kostner la opp som aktiv alpinist i 2006.

Kunstløparen Carolina Kostner er syskenbarnet hennar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]