Isolino di San Giovanni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Isolino di San Giovanni er ei lita øy i Maggioresjøen, ein av dei største subalpine innsjøane nord i Italia. Ho er ein del av Borromeeøyane og er ei av dei nordlegaste av gruppa.

Øya vart først nemnd i 999, då ho vart kalla Isola di Sant’Angelo, som refererte til eit kapell tileigna St. Mikael i borga på øya. Midt på 1100-talet høyrte øya til grevane i Barbavara-familien. Borromeo-familien gjorde mange forsøk på å overta Isolino di San Giovanni seint på 1500-talet for å opprette ein Barnabittarskule her. Dei fekk ho til slutt i 1632 og smykka ho med ein palazzo og hagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]