Isonzo
| Isonzo | ||
|
|
||
| Utspring | Dei juliske Alpane vest for Triglav | |
| - Høgd | 1 100 m | |
| Munning | Adriahavet nær Monfalcone | |
| Land i nedslagsfelt | Slovenia, Italia | |
| Lengd | 140 km (99 km i Slovenia, 41 km i Italia) | |
| Middelvassføring | 140 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 3 400 km² | |
Isonzo (slovensk Soča, gamaltysk Sontig) er ei 140 km lang elv i Slovenia og Italia. Kjelda til elva ligg i Trentadalen i Dei juliske Alpane i Slovenia i ei høgd på om lag 1 100 meter over havet. Elva renn forbi det høgaste fjellet i Slovenia, Triglav (2 864 moh) før ho renn sørover forbi byane Bovec, Kobarid, Tolmin, Nova Gorica og Gorizia. Ho munnar ut i Adriahavet nær den italienske byen Monfalcone.
Sočadalen var åstad for store militære operasjonar , inkludert tolv slag ved den italienske fronten under den første verdskrigen mellom mai 1915 og november 1917 der over 300 000 soldatar frå Austerrike-Ungarn og Ungarn mista livet.
I Slovenia vert elva stundom kalla «Den vene smaragdelva» på grunn av det samaragdgrøne vatnet. Ho er visstnok ei av få elvar i verda som har ein slik farge gjennom heile løpet. Soča inspirerte den slovenske diktaren Simon Gregorčič til å skrive det mest kjende diktet hans Soči (Til Soča), eit meisterverk i slovensk poesi.
Isonzo er kjend for den unike aurearten Salmo trutta marmoratus (kalla marmoraure), som lever i det krystallklåre vatnet i dei øvre områda av elva. Arten er utryddingstruga på grunn av at andre fiskeartar vart sett ut i elva mellom dei to verdskrigane.
Galleri[endre]
-
Soča nær Bovec
-
Soča nær Kobarid
-
Kanal ob Soci.jpg
Soča ved Kanal ob Soči
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Soča frå Engelsk Wikipedia .
