Isotropi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Isotropi (av gresk: iso (lik) og tropos (retning)) omfattar identiske eigenskapar uansett retning. Ein meir presis definisjon avhenger av fagfeltet uttrykket vert nytta innan. Ulikskapar i eigenskapane til objektet, fenomenet eller forståinga avhengig av retning er motpolen og kallast anisotropi. Til dømes inneber isotropisk stråling at strålinga er lik i alle retningar uavhengig av retninga det målast eller andre forhold. Big Bang-teorien går ut i frå at universet er isotropt, då utvidinga skjer i alle retningar med lik snøggleik

Eit isotropt stoff er eit stoff der oppbygningen er lik i alle retningar og dei fysiske eigenskapane er uavhengige av retninga. Eit døme er glas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]