Israel Ruong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Israel Ruong (19031986) var ein samisk språkforskar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet.

Israel Ruong vart fødd i Arjeplog, og hadde pitesamisk som morsmål. Han tok lærarutdanning i Luleå, og doktorerte på avhandlinga Lappische Verbalableitung argestellt auf Grundlage des Pitelappischen i 1943. Ruong vart professor i 1963.

Ruong arbeidde med ulike sider av samisk språk, særleg med morfologi. Han publiserte også fleire lærebøker, mellom anna Min sámegiella, som sett saman lærebokleg pedagogisk progresjon med systematisk grammatikk til eit heile.

Ruong var også oppteken av praktisk arbeid med språket, han var mellom anna ein av mennene bak Bergsland-Ruong-rettskrivinga frå 1948.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Formlära (1957)
  • Niilas ja su sii'da (1965)
  • Dovdagat ja bargot (1967)
  • Min sámegiella (1970)