Israelittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Israelittar var ei hebraisktalande folkegruppe som levde i Israels land under Kongetida (1000-talet f.Kr. til 600-talet f.Kr.).

Opphavleg viste omgrepet til etterkomarar av patriarken Jakob, som seinare fekk namnet Israel (1. Mosebok 32, 27-28). Etter at kong Salomo døydde, då riket blei delt i to, blei nemninga brukt om innbyggjarane av Nordriket, Israel.

Då Nordriket gjekk under i 722 f.Kr., og store delar av innbyggjarane blei fordrivne, blei det innbyggjarane i Juda rike som prega historia framover. Judear (jøde) blei derfor ei vanleg nemning for alle jødar.

I jødisk liturgisk samanheng er israelitt ein fellesnemning på alle jødar som ikkje er levittar eller prestar (kohen), og som derfor ikkje er omfatta av restriksjonane og dei særskilde oppgåvene som berre gjeld for medlemmer av desse to gruppene.

I moderne forsking bruker ein derimot nemningane israelittar og israelittisk når det dreier seg om tida før eksilet i Babylon (586–538 f.Kr.), og jødedom og jødar når ein snakkar om tida etterpå.

Nemninga israelitt blei teken opp igjen i Vest-Europa og Norden på 1800-talet på grunn av det nedsetjande meiningsinnhaldet omverdena ofte tilla ordet jøde. På 1900-talet er jøde igjen blitt den vanlege nemninga blant jødar, men ordet israelitt finst også som konfesjonell nemning, særleg i Frankrike .

Innbyggjarane i den moderne staten Israel blir omtala som israelarar. Denne nemninga markerer statsborgarskap og ikkje religion eller etnisitet, og det finst fleire israelarar som ikkje er jødar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«israelitt» (31. juli 2017) i Store norske leksikon, snl.no.