Israelske busetjingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gul: palestinsk sjølvstyreområde (Område A etter Interimavtala).

Rosa: Palestinsk sjølvstyreområde med israelsk militær kontroll (Område B).

Kvit: Israelsk militært lukka område (Område C).

Lilla: Israelske busetjingar.

Lyselilla: Dei kommunale områda til busetjinga.

Vegar, skarp opptrekt grå: Forbodne eller avgrensa løyve for palestinske køyretøy.

Israelske busetjingar (òg omtalt som jødiske busetjingar) er samfunn busett av israelarar (jødiske nybyggjarar) på området som vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967, og som ikkje er godkjent av internasjonal rett. Slike busetjingar finst per i dag på Vestbreidda, som er delvis under israelsk militær kontroll, og delvis under kontrollen til den palestinske sjølvstyresmakta, og i Golan, som er under israelsk sivil kontroll.[1] Uttrykket gjeld òg for følgjande område:

  • Aust-Jerusalem, som vart inkorporert innanfor Jerusalems distriktsområde, sjølv om denne de jure]-anneksjonen under Jerusalem-lova ikkje er respektert av det internasjonale samfunnet; og[2][3]
  • Golanhøgdene, der militært styre i 1981 vart avløyst av israelsk sivilt styre med administrasjon og juridisk makt under Golanhøgde-lova.

Det var ytterlegare 18 busetjingar på Sinai-halvøya, 21 på Gaza-stripa og 4 i Samaria-regionen på den nordlege Vestbreidda. Dei vart fråflytta som følgje av israelsk tilbaketrekking i 1982 (Sinai) og 2005.

Ei lang rekkje av internasjonale organisasjonar, inkludert Tryggingsrådet i SNDen internasjonale domstolen, Den europeiske unionen, Amnesty International og Human Rights Watch mfl. har karakterisert busetjinga som brot på internasjonal rett. Israel og ADL er usamde.

Talet på israelske busetjarar på Vestbreidda aukar tre gonger så raskt som resten av folkesetnaden i Israel. I følgje ein rapport frå januar 2009, utgjeve av den israelske organisasjonen Peace Now, auka mengda nye bygningar i busetjingane med nesten 60 % frå 2007 til 2008. Det går òg fram frå rapporten at dei såkalla utpostane, som i motsetnad til busetjingane ikkje er anerkjent av den israelske regjeringa, var nybygginga meir enn dobla. Rapporten hevdar vidare at busetjarane drog fordel av krigen mellom Israel og Hamas: «Medan all merksemd var vendt mot Gaza-krigen, kunne busetjarane upåakta byggja nye vegar».[4]

Politiske haldningar[endre | endre wikiteksten]

Israelsk politikk overfor desse busetjingane har variert frå aktiv oppfordring til å flytta til områda, til fjerning ved makt, og den fortsette eksistensen deira og status sidan 1970-åra er mest av dei mest betente områda i den arabisken-israelske konflikten.

I september 2008 gjekk den israelske statsministeren hardt ut mot dei jødiske nybyggjarane på Vestbreidda og samanlikna overgrepet deira mot palestinarar med jødeforfølginga i tidlegare tider i Aust-Europa. Den israelske viseforsvarsministeren Matan Vilnai opplyste like før utsegnet til Olmert om at jødiske ekstremistar på Vestbreidda har sett i verk ei «dramatisk opptrapping» av opptøyar både mot den palestinske lokalfolkesetnaden og mot israelske soldatar. Vilnai uttalte seg på bakgrunn av eit åtak som jødiske busetjarar i september retta mot den palestinske landsbyen Asira al-Qabaliya nær Nablus på den nordlege delen av Vestbreidda.[5]

Den 29. september 2008 uttalte den avtroppande Olmert at Israel bør trekkja seg ut frå nesten alt land som vart teke i 1967 i byte mot fred med palestinarane og syrarane. Dette inkluderer både det austlege Jerusalem og Golanhøgdene. Den palestinske utanriksministeren Riyad al-Malki uttalte i den samanhengen at «Vi ynskjer vi hadde fått høyra den personlege haldninga hans før han trekte seg». Han sa vidare at «Det er ei veldig viktig forplikting, men det kjem så seint. Vi håpar dette kan fullførast av den neste regjeringa. Det vert spekulert i om tilbaketrekking frå område austom tryggleiksbarrieren kan gjerast under føresetnad av at busetjingar vest for barrieren vil anerkjennast som lovlege. Det har vore nemnt at 60 000 busetjarar vil evakurerast. Dette vil i så fall innebera at alle busetjarar austom barrieren vil evakuerast. ».[6]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Bortsedd frå områda som effektivt vart inkludert i Jerusalem og Golanhøgdene, kan israelarar og andre berre flytta til områda som vart okkupert i 1967 dersom dei har løyve frå den israelske regjeringa. I følgje ulike statistiske oversyn, kan demografien verta slik estimert:[7][8][9]

Jødisk folkesetnad 1948 1966 1972 1983 1993 2004 2006
Vestbreidda (utanom Jerusalem) 480 (sjå Gush Etzion) 0 1 182 22 800 111 600 234 487 282 400[10]
Gazastripa 30 (sjå Kfar Darom) 0 700 1 900 4 800 7 826 0
Golanhøgdene 0 0 77 6 800 12 600 17 265 18 105
Aust-Jerusalem 300 (sjå Atarot, Neve Yaakov) 0 8 649 76 095 152 800 181 587 184 057 2
Totalt 810 0 10 608 1 106 595 281 800 441 165 484 562
1 inkludert Sinai
2 data frå 2005

I tillegg til stor migrasjon innan Israel, kjem det rundt 1000 nye immigrantar frå land utanfor Israel kvart år. På 90-talet kom det tre gonger så mange nye busetjarar til desse områda enn den årlege folkeveksten i Israel.[11] Den høge folkeveksten heldt fram utover 2000-talet.[12]

Den israelske regjeringa har implementert ein konsekvent og systematisk politikk med føremål om å oppfordra jødiske innbyggjarar til å flytta til Vestbreidda. Eit av verktøya som er brukt er å tilby finansielle gode og bonusar til innbyggjarane.[13]

Kostnader og utstrekking[endre | endre wikiteksten]

Macro Center for Political Economies i Tel Aviv målbar i mars 2010 ein rapport der dei hadde rekna ut at dei jødiske busetjingane i 2010 opptok 12.000 mål av Vestbreidda og har kosta over 100 milliardar kroner å byggja. Senteret understreka at dei ikkje hadde kalkulert dagens marknadsverdi, som ville verta langt høgare. Dei hevda i same rapport at alle busetjingar og busetjingsvegar er bygd med strategiske mål for auge, sett i tilhøve til infrastruktur, vassressursar og dyrkbarheit.[14]

Den israelske fredsorganisasjonen Peace Now har berekna at busetjingane årleg kostar israelske skattebetalarar drygt 3,3 milliardar kroner.[14]

Vassresursar[endre | endre wikiteksten]

I dei palestinske områda er grunnvatn den primære vasskjelda. Vestbreidda ligg over tre hovudbasseng: Vestre, austre og nordaustre grunnvassmagasin. Dei palestinske territoria er trudd å ha den høgaste førekomsten av grunnvassreservar i heile regionen.[15]

Etter seksdagarskrigen i 1967 erklærte Israel vassressursane i dei okkuperte områda på Vestbredden og i Gaza for statseigedom og overførte kontrollen til den militære kommandoen i området. All boring og bygging av ny infrastruktur for vassforsyning utan spesialløyve vart forbode. Fram til i dag (2004) er ytst få slike løyve vorte gjeve, både til jordbruksføremål og privathushald. I 1982 vart ansvaret overført til dei israelske vassstyresmaktene, Israeli Water Authority Mekorot. Under fredsforhandlingane på byrjinga av 90-talet, som munna ut i Oslo-avtala, fekk dei palestinske vassstyresmaktene, Palestinian Water Authority, det formelle ansvaret, men Israel har oppretthalde kontrollen over palestinsk uttak av vatn på Vestbreidda. Palestinarar på Vestbreidda har heller ikkje tilgjenge til vatnet i Jordanelva, som i dag (2004) vert delt mellom Israel: 65 %, Jordan: 23,4 %, Syria: 11 % og Libanon: 0,3 % av årleg vassføring. Trass befolkningsvekst har difor palestinarane måtta halda seg til det same vassforbruket som på midten av 1960-talet.[15]

Internasjonal lov forbyr ei okkupasjonsmakt å utnytta ressursane i det okkuperte territoriet, men likevel vart i 2004 ein tredjedel av vatnet som går til Israel og israelske busetjingar henta frå kjelder på Vestbreidda og i Gaza, og ein tredjedel frå Jordanelva. Rundt 80 prosent av assressursane på Vestbreidda er i dag (2004) under israelsk kontroll og går til Israel og israelske busetjingar i dei okkuperte områda.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. * «Israel, the homeland of the Jews, was established in Palestine in 1948. The Palestine Liberation Organization, under Yasir Arafat, is committed to establishing a Palestinian state, which would include territory on the West Bank and Gaza Strip now partially occupied by Israel.» Palestine, The New Dictionary of Cultural Literacy, Tredje utgave. 2002.
  2. «Jerusalem: Crucible of the conflict» (på engelsk). BBC NEWS. 4. desember 2001. 
  3. «East Jerusalem» (på engelsk). B'Tselem. 
  4. «Bosettere vil ha Gaza tilbake». Aftenposten. 2. februar 2009. Henta 3. februar 2009. 
  5. «Olmert ut mot bosettere». Aftenposten. 16. september 2008. Henta 16. september 2008. 
  6. «Israeli election: Where they stand». BBC. 20. februar 2008. Henta 28. november 2009. 
  7. Israels statistiske sentralbyrå: [1] [2] Arkivert 2013-10-25 ved Wayback Machine. [3]
  8. Jerusaleminstitutet for israelske studier: [4] Arkivert 2009-09-24 ved Wayback Machine. [5] Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine. [6] Arkivert 2009-09-24 ved Wayback Machine. [7] Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine.
  9. Foundation for Middle East Peace Arkivert 2007-12-08 ved Wayback Machine.: [8] Arkivert 2007-12-01 ved Wayback Machine. [9] Arkivert 2007-11-11 ved Wayback Machine..
  10. «Number of settlers rises by 5% in 2007» (på engelsk). Ynetnews. 20. januar 2008. 
  11. «Sources of Population Growth: Total Israeli Population and Settler Population, 1991 - 2003» (på engelsk). Foundation for Middle East Peace. Arkivert frå originalen 11. mai 2008. Henta 22. februar 2015. 
  12. «Settler Population Growth East and West of the Barrier» (på engelsk). Foundation for Middle East Peace. Arkivert frå originalen 12. mai 2008. Henta 22. februar 2015. 
  13. «Encouragement of migration to the settlements» (på engelsk). B'Tselem. 
  14. 14,0 14,1 Hegnar Online - Israelske bosetninger har kostet 100 milliarder (23.3.2010)
  15. 15,0 15,1 15,2 FIVAS – Foreningen for internasjonale vannstudier - Midtøsten, fra s.6[daud lenkje]