Issoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Issoleie


Ranunculus glacialis (habitus).jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ranunculales
Familie: Ranunculaceae
Slekt: Ranunculus
Art: R. glacialis
Vitskapleg namn
Ranunculus glacialis
L., 1753

Issoleie eller reinblom er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 1 dm høg og er snau, blank og saftfull. Ein eller nokre få toppstilte blomstrar. Begerblad og kronblad sit lenge på. Kronblad først kvite, men snart raudfiolette. Blømer kring juli månad på grus og snøleger til fjells. Veks i Noreg frå Telemark til Finnmark. Funnen opp til 2370 m på Galdhøpiggen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.