Isstormen i Nord-Amerika januar 1998

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isdekke på tre og straumnett frå isstormen

Isstormen i Nord-Amerika januar 1998 var ein isstorm som råka Ontario, Quebec og New Brunswick i Canada og New York, nordlege New Hampshire og Vermont og mykje av Maine i USA i januar 1998.[1][2] Sjølve isstormen vara mellom 5.–9. januar. Til saman døydde 44 menneske i Canada og USA som ei fylgje av isstormen.[1]

I Canada vart fleire enn 1 000 straumstolpar og -master rivne over ende og éin million menneske i Quebec miste straumen for mange dagar. Nokre miste straumen for fleire veker. Mange haddde vanskar med oppvarminga av husa sine.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.