Isstraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desse animasjonane syner isrørsla i Antarktis.
Snøggleikskart over Antarktis. Ein kan sjå isstraumane med aukande fart (blå-gult-kvitt) når dei nærmar seg kysten.[1]
Radarsatbielte av isstrraumar inn i Filchner-Ronne-isen.

Ein isstraum eller ei iselv er eit område av ein innlandsis som flyttar seg langt raskare enn den omliggande isen. Isstraumer er ein type isbre.[2] Det er mange isstraumar i Antarktis der dei utgjer kring 10 % av det samla isvolumet. Dei er opp til 50 km breie, 2 km tjukke og kan strekkje seg over hundrevis av kilometer, og det meste av isen som forsvinn frå innlandsisen går gjennom isstraumane.

Farten til ein isstraum kan vere over 1000 meter i året, dette er kring 10 gonger raskare enn isen rundt. Spenningskreftene langs kantane av isstraumane skapar deformasjon og ny krystallisering av isen, gjer han mjukare og konsentrerer deformasjonen i smale band. Det vert danna bresprekker, særleg langs kantane.

Dei fleste isstraumane har noko vatn under seg, som smører straumen. Kva slags grunnfjell han flyt over er òg viktig for straumen. Mjuke sediment fører til ein raskare straum enn hard stein.[3]

Antarktis[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå isstraumar i Antarktis.

Den antarktiske innlandsisen vert drenert mot sjøen av mange isstraumar. Den største i Aust-Antarktis er Lambertbreen. I Vest-Antarktis er den store Pine Island og Thwaitesbreen i dag mest ute av balanse, med eit netto massetap på i alt 85 gigatonn i året i 2006.[4]

Det har vorte indikert at innlandsisen i Antarktis mistar masse. At isstraumane i dag går stadig raskare vert rekna som særs signifikant og kan vere den dominerande årsaka til den nylege ubalansen.[4]

Grønland[endre | endre wikiteksten]

Av isstraumar som drenerer den grønlandske innlandsisen til sjøen finn ein Helheimbreen, Jakobshavn Isbræ og Kangerdlugssuaqbreen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bamber J.L., Vaughan D.G., Joughin I. (2000). «Widespread complex flow in the interior of the Antarctic Ice Sheet». Science 287 (5456): 1248–1250. Bibcode:2000Sci...287.1248B. PMID 10678828. doi:10.1126/science.287.5456.1248. 
  2. National Snow and Ice Data Centre. «Types of Glacier». Arkivert frå originalen 17. april 2010. Henta 16. januar 2014. 
  3. British Antarctic Survey. «Description of Ice Streams». Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 26. januar 2009. 
  4. 4,0 4,1 doi:10.1038/ngeo102

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]