Istidskreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pungreke


Mysis relicta..jpg

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Mysida
Familie: Mysidae
Slekt: Mysis
Vitskapleg namn
Mysis relicta

Istidskreps (Mysis relicta) er eit lite krepsdyr som lever i ferskvatn over store delar av den nordlege halvkula. Han liknar kril, med store augo, lange antenner og godt utvikla symjebein (pleopodar) og kan bli opp til 25 mm lang.

I Noreg finst istidskrepsen naturleg i nokre få djupe innsjøerAustlandet. I tillegg er ho sett ut i fleire vatn i von om å auka bestanden av røye, noko som diverre har verka totalt mot si hensikt. Norsk svarteliste 2007, som er ei oversikt over framande artar i norsk fauna, reknar ho mellom 217 kritiske artar som gjer stor skade på økosystem dei ikkje høyrer naturleg heime i.

Spreiing[endre | endre wikiteksten]

Istidskreps finst i Russland, Skandinavia og Tyskland. Ho er ein typisk istidsrelikt, det vil seie at arten berre finst naturleg i djupe innsjøar som ligg under den marine grensa og har hatt samband med havet på eit tidspunkt etter dei siste istidene. Ein trur arten fanst i langt fleire innsjøar rett etter istida enn han gjer i dag, men at dei har forsvunne frå dei fleste opphavlege leveområda på grunn av konkurranse, predasjon og høg vasstemperatur. Istidskrepsen klarar seg ikkje særleg godt når temperaturen i vatnet stig over 13-14 °C, og døydde ut frå dei fleste grunne sjøane kor dei fanst i løpet av varmare periodar.

I Noreg er arten naturleg utbreidd i nokre få innsjøar på Austlandet; Femsjøen, Rødnessjøen, Øgderen, Øyeren, Nuguren, Mjøsa, Hurdalssjøen og Nordre Elvåg. I tillegg er ho sett ut i ei rekkje sjøar i Trøndelag: Namsvann, Vekteren, Limingen, Tunnsjøen, Bangsjøen, Selbusjøen, Stugusjøen, Benna, og Gjevilvatnet. Ho har i seinare tid òg spreidd seg til ei rekkje andre vatn.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

I norske sjøar er livssyklusen til istidskrepsen som regel på 1-2 år. Ho utnyttar heile sjøen, og et både planteplankton, dyreplankton og daudt organisk materiale. Undersøkingar i vatn både med naturlege og utsette bestandar viser ingen synleg næringsbiologisk skilnad. Unge individ et planteplankton, små organiske partiklar og planktoniske hjuldyr. Frå 7-8 mm lengde tek dei til å eta krepsdyrplankton, særleg vasslopper av slektene Daphnia og Bosmina.

Dette kosthaldet har ført til statusen deira som svartelista framande artar. Vasslopper er nemleg særs viktige element i kosthaldet til plankton-etande laksefisk, som røye. Når istidskrepsen er i stand til å beita meir effektivt på dette planktonet, har det ført til at røyebestandane har gått drastisk ned i vatna kor pungreka er sett ut. Dette har vore stikk i strid med intensjonane; då mysis vart sett ut i si tid var det for å få transportert næringsstoff frå botnnivået i sjøen og opp i dei frie vassmassane.

Dette har ikkje slått til. Det har nemleg vist seg at røyer og pungreker oppheldt seg i forskjellige delar av vatnet til forskjellige tider på døgeret. Istidskreps beitar pelagisk på plankton om nettene, men «gøymer seg» på botnen, der røya ikkje kan sjå ho, om natta. Botnlevande fisk, som lake, har vist seg i stand til å utnytta mysis som ressurs.

Grunnen til at istidskreps har vore så skadeleg i vatna dei har vorte sett ut i, har å gjera med samansetnaden av fiskesamfunn. Der arten finst naturleg, finst det ofte opp i 20 ulike artar fisk, fleire som er særs effektive dyreplankton-etarar. Her har difor konkurransen vore langt jamnare, sidan mysis her har kivast om maten med dyktige ressurs-utnyttarar som sik, krøkle og lagesild heller enn dei noko meir tafatte røyene. I vatna kor ho er utsett består derimot fiskebestandane hovudsakleg av nokre få artar laksefisk som er avhengige av mat både langs botnen og pelagisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]