It's Over av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It's Over
av Roy Orbison
B-side

«Indian Wedding»

Utgjeve April 1964
Lengd 2:47
Selskap Monument Records 837
Låtskrivar(ar) Roy Orbison, Bill Dees[1]
Produsent Wesley Rose[1]
Roy Orbison-kronologi 
«Pretty Paper»
(1963)
It's Over «Oh, Pretty Woman»
(1964)


«It's Over» er ein song skriven av Roy Orbison og Bill Dees, og sungen av Orbison.[1]

Innspelinga vart produsert av Wesley Rose,[1] og gjeven ut som singel på Monument Records i 1964. Singelen gjekk inn på singellista i USA og nådde niandeplassen på Billboard-lista der, og 10. plassen på Cashbox-lista. I Storbritannia gjekk singelen heilt til topps på singellista. Dette var den andre av singlane til Orbison som klarte dette.[1] «It's Over» låg to veker på toppen av lista og i 18 veker totalt inne på lista.[2]

«It's Over» er ein opera-aktig rockeballade. Richard Unterberg i Allmusic skreiv om songen: «'It's Over' er utan tvil den siste klassikaren hans i den melodramatiske popstilen, og kanskje den songen som tar dei vanlege temaa til Orbison lengst: hjartesorg og tap, som byggjer seg opp til smerta ikkje er til å halde ut. Både tema og struktur minnar om ein tidlegare Orbison-hit, «Running Scared», men melodien er heilt annleis. Likskapane er at som 'Running Scared', byggjer 'It's Over' seg opp frå ei kviskring til eit skrik, og har òg ein bolero-liknande rytme i versa. 'It's Over' er meir dempa enn 'Running Scared', og i røynda meir dempa enn dei fleste romantiske popsongar. Det er ingenting anna enn Roy, ein gutar, og den vare stemma hans i starten, men etter kvart byggjer orkesteret og kor seg opp i løpet av songen. Tonen vert meir fortvilt i mellomspelet, der rytmen vert langt langsamare og Orbison stiller spørsmålet på operaaktig vis, 'kva vil du gjere?' når ho fortel deg at det er slutt? Han svarar ikkje på spørsmålet i songen, og du tør ikkje be om svaret, gjeve at fortvilinga er så stor at det einaste openberre er at han tar livet sitt. Men torturen er ikkje over enno. Etter eit eksplosivt refreng, forsvinn orkesteret, og det heile byrjar på nytt med eit nytt vers. Bileta her vert særleg svarte for ein popsong å vere. Orbison åtvarar deg om at du ikkje kjem til å få sjå regnbogen igjen, og crescendoet av instrument og stemmer byggjer seg opp til eit særskild slåande refreng. Instrumenta bråstoppar etter Orbison syng eit av sine 'it's over'. Men det er enno ikkje over; han går nok ein tone høgare og syng setninga igjen, som om han gnir det inn, før orkesteret spelar nokre få dempa taktar, som ein mann som heng frå enden av tauet sitt.[3]

Songen finst òg på albumet More of Roy Orbison's Greatest Hits frå 1964 og det posthume konsertalbumet A Black & White Night Live, teken opp i 1988 for ein HBO.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

All the rainbows in the sky
Start to weep then say goodbye
You won't be seeing rainbows anymore

Roy Orbison (1964)

Seinare i 1964 spelte Hong Kong-songarinna Rebecca Pan inn songen for albumet I Love You.

«It's Over» vart òg spelt av både Bonnie Tyler med Praha filharmoniske orkester i 2003 på albumet Heart Strings, og Billy Mackenzie på albumet Music of Quality and Distinction Volume One frå 1982. Han vart sungen av Michael Caine i filmen Little Voice i 1998.

Songen vart sungen av Don Byron i 2000 på albumet A Fine Line: Arias and Lieder.

Jonathan Meiburg, songaren i Shearwater, spelte ein versjon av songen i mars 2013 for songserien The A.V. Club.[4]

Miley Cyrus song denne songen i den aller siste episoden av Chelsea Lately.[5]

I januar 1973 spelte Elvis Presley songen på Aloha from Hawaii Via Satellite-konserten.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 80. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 164. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. It's OverAllmusic
  4. «Jonathan Meiburg of Shearwater plays «It's Over» by Roy Orbison». Avclub.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2013. Henta 26. februar 2015. 
  5. Dilluvio, Carrie (20. august 2014). «Miley Cyrus Set to Perform on the Live Series Finale of Chelsea Lately—Find Out What She's Singing!». E! Online. Henta 26. februar 2015. 
  6. http://www.duduki.net/cgi-bin/album?id=A_04e8351151d8882d

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]