It’s All Over Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«It's All Over Now»
singel av The Rolling Stones
frå albumet 12 X 5
B-side «Good Times, Bad Times»
Utgjeve 26. juni 1964
Sjanger Rock and roll
Selskap Decca F11934 (UK)
45-LON 9687 (USA)
Låtskrivar(ar) Bobby Womack og Shirley Womack
The Rolling Stones-kronologi
«Not Fade Away»
(1964)
«It's All Over Now» «Tell Me»
(1964)

«It’s All Over Now» er ein song skriven av Bobby Womack og Shirley Womack. Han vart først gjeve ut av The Valentinos med Bobby Womack. Singelen nådde Billboard Hot 100 i juni 1964 og vart verande der i to veker med ein 94. plass som høgaste plassering. The Rolling Stones spelte inn ei utgåve av songen som gjekk til topps på singellista i Storbritannia

The Rolling Stones-utgåva[endre | endre wikiteksten]

The Valentinos-versjonen av songen vart spelt til the Rolling Stones under den første nordamerikanske tureneen deira i juni 1964. Etter bandet høyrte songen spelte dei han sjølv inn ni dagar seinare i Chess Studios i Chicago. Bobby Womack ønskte i starten av the Stones ikkje spelte inn songen, og at dei fekk finne seg sin eigen song. Då dei første honorara kom inn etter salet av the Rolling Stones-singelen sa han at Mick Jagger kunne få kva song han ville. Singelen var den tredje the Stones gav ut i Statane og han nådde 26. plass på singellista og vart seinare gjeven ut på det andre amerikanske albumet deira, 12 X 5. Då singelen vart gjeve ut i Storbritannia gjekk songen heilt til topps på singellista, den første førsteplassen dei oppnådde.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av fleire andre artistar, som Waylon Jennings, Rod Stewart, Molly Hatchet, Ducks Deluxe, The Sharks, The Grateful Dead, AC/DC, Social Distortion, Arno, Nils Lofgren og Ry Cooder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]